Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire irakarar enn pakistanarar
Frå 1976, det første året statistikken over utanlandske statsborgarar vart publisert, og kvart år fram til i dag har pakistanske statsborgarar vore den største asiatiske gruppa. I 2000 overtok irakarane.
Etter fleire år med mange asylsøkjarar frå Irak stod talet på irakiske statsborgarar for den største auken i 2000 med 4 100 personar, til i alt 9 900. Tilsvarande auke i 1999 var betydeleg lågare (1 600 personar).
Det budde vel 6 700 pakistanske statsborgarar i Noreg ved årsskiftet 2000/2001. 1. januar 2000 var talet 7 400, altså 700 fleire. Både utvandringar og skifte av statsborgarskap kan liggje bak nedgangen; 1 100 pakistanarar fekk innvilga søknad om norsk statsborgarskap i 2000.
Litt færre europeiske statsborgarar
Talet på europeiske statsborgarar vart redusert med drygt 200 personar i forhold til 1. januar 2000. Likevel er så mange som 64 prosent av dei utanlandske statsborgarane europearar. Svenskane topper lista med 25 200, følgt av danskar (19 400), bosniarar (11 600) og britar (11 100).
Det var mange bosniarar som oppnådde sju års butid i Noreg i 2000 og dermed kunne søkje om norsk statsborgarskap. 900 norske statsborgarskap vart tildelte bosniarar i 2000, og det er realistisk å anta at ei slik utvikling vil fortsetje i åra framover ettersom stadig fleire vil ha oppfylt butidskravet.
I tillegg til flyttestraumar over landegrensa vil både fødslar, dødsfall og innvilging av norsk statsborgarskap påverke talet på utanlandske statsborgarar i Noreg. Personar med utanlandsk bakgrunn kan altså ha anten norsk eller utanlandsk statsborgarskap. Statistikken over utanlandske statsborgarar viser dermed eit juridisk forhold, mens blant anna tal for innvandrarbefolkninga gir andre opplysningar.
Vekst i nesten alle fylkene
Ved inngangen til 2001 utgjorde utanlandske statsborgarar i Noreg 184 300 personar, eller 4,1 prosent av folkemengda. Sidan same tidspunkt året før er det vorte 5 700 fleire utanlandske statsborgarar; delen av folkemengda er likevel omtrent lik.
Dei fleste fylka i Noreg hadde beskjeden vekst i talet på utanlandske statsborgarar. Unntaket er Rogaland med ein liten nedgang. For andre året på rad opplevde Finnmark størst auke i talet på utanlandske statsborgarar i forhold til folkemengda i fylket. Auken dei to siste åra er på 1 prosentpoeng og har hatt samanheng med innflytting frå nabolanda Finland og Russland.
Oslo er fortsatt det fylket som har flest utanlandske statsborgarar med nær 48 300, noko som utgjer 26 prosent av alle dei utanlandske statsborgarane i landet og 9,5 prosent av folketalet i fylket.
Jamn kjønnsfordeling
Av utanlandske statsborgarar i Noreg var det ved siste årsskiftet 91 600 menn og 92 700 kvinner, altså ei jamn fordeling mellom kjønna. Eit stort kvinneoverskott finn vi blant utanlandske statsborgarar frå land som tidlegare var del av Sovjetunionen, samt Thailand og Filippinene.
Aldersgruppa 20-49 år utgjorde 61 prosent av alle utanlandske statsborgarar, mot 42 prosent av norske statsborgarar. 16 prosent av dei utanlandske statsborgarane var 50 år eller eldre, og nesten 23 prosent 19 år eller yngre. Berre 4 prosent var 67 år eller meir, mot 14 prosent blant norske statsborgarar.
Blant dei større gruppene av utanlandske statsborgarar er somaliarar og jugoslavar yngst med respektive 45 og 43 prosent i aldersgruppa under 20 år.
Tabeller:
- Tabell 1 Utanlandske statsborgarar, etter fylke. Absolutte tal og i prosent av folkemengda. 1. januar 1976-2001
- Tabell 2 Utanlandske statsborgarar, etter statsborgarskap per 1. januar 1975-2001
- Tabell 3 Utanlandske statsborgarar, etter kjønn, alder og statsborgarskap. 1. januar 2001
- Tabell 4 Utanlandske statsborgarar, etter kjønn, sivilstand og statsborgarskap. 1. januar 2001
- Tabell 5 Utanlandske statsborgarar, etter sivilstand, kjønn og alder. 1. januar 2001
- Tabell 6 Utanlandske statsborgarar, etter kjønn, sivilstand, alder og fylke. 1. januar 2001
- Tabell 7 Utanlandske statsborgarar, etter statsborgarskap og fylke. 1. januar 2001
- Tabell 8 Utanlandske statsborgarar, etter statsborgarskap. Utvalde kommunar. 1. januar 2001
- Tabell 9 Utanlandske statsborgarar, etter statsborgarskap. Kommune. 1. januar 2001
- Tabell 9.1 Østfold
- Tabell 9.2 Akershus og Oslo
- Tabell 9.3 Hedmark
- Tabell 9.4 Oppland
- Tabell 9.5 Buskerud
- Tabell 9.6 Vestfold
- Tabell 9.7 Telemark
- Tabell 9.8 Aust-Agder
- Tabell 9.9 Vest-Agder
- Tabell 9.10 Rogaland
- Tabell 9.11 Hordaland
- Tabell 9.12 Sogn og Fjordane
- Tabell 9.13 Møre og Romsdal
- Tabell 9.14 Sør-Trøndelag
- Tabell 9.15 Nord-Trøndelag
- Tabell 9.16 Nordland
- Tabell 9.17 Troms
- Tabell 9.18 Finnmark
Statistikken blir no publisert saman med Befolkning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42