6560_not-searchable
/befolkning/statistikker/utlstat/aar
6560
Lågare vekst i talet på utanlandske statsborgarar
statistikk
2002-04-25T10:00:00.000Z
Befolkning
no
utlstat, Utenlandske statsborgereInnvandrere, Befolkning
false

Utenlandske statsborgere1. januar 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare vekst i talet på utanlandske statsborgarar

Etter tre år med sterk auke i talet på utanlandske statsborgarar i Noreg, var auken i 2001 på vel 1 500 personar. Ved årsskiftet var det busett 185 900 utanlandske statsborgarar i Noreg, det tilsvarar 4,1 prosent av innbyggjarane. Auken var mindre enn tidlegare fordi innvandringa var mindre, og fleire skifte til norsk statsborgarskap.

Framleis bur det flest svenske og danske statsborgarar i Noreg. Ved årsskiftet var det busett vel 25 200 svenskar og 19 700 danskar. Desse tala har vore stabile på 2000-talet. På dei neste plassane følgjer personar med britisk (11 000), irakisk (10 800) og bosnisk (8 800) statsborgarskap. Vel 62 prosent av dei utanlandske statsborgarane er europearar.

Talet på utanlandske statsborgarar med bakgrunn frå det tidlegare Jugoslavia har gått merksamt ned dei siste åra. Dette kjem hovudsakeleg av overgang til norsk statsborgarskap, ikkje utflytting. I løpet av 2001 var det mange bosniarar som oppfylde kravet om sju års butid, og heile 3 000 personar med bakgrunn frå Bosnia fekk tildelt norsk statsborgarskap i 2001. Vel 1 200 jugoslavar fekk statsborgarskap i 2001.

Størst prosentvis auke blant dei utanlandske statsborgarane har det vore i talet på afghanarar som har vorte nær dobla i løpet av 2001, til 1 800 personar. Talet på personar med bakgrunn frå Irak heldt fram med å auke, og i løpet av 2001 auka talet med vel 900 personar, den største veksten i fjor måla i absolutte tal.

Utanlandske statsborgarar, etter kjønn, alder og sivilstand. 1 Januar 2002

Få gamle blant dei utanlandske statsborgarane

46 prosent av dei utanlandske statsborgarane er mellom 20 og 39 år gamle. Berre 4 prosent er 67 år og eldre. Blant resten av innbyggjarane er 28 prosent mellom 20 og 39 år gamle. Over 13 prosent er 67 år og eldre. Kjønnsfordelinga er jamn blant dei utanlandske statsborgarane, vel 49,7 prosent er menn. Her er det likevel stor forskjell i landbakgrunn. Blant utanlandske statsborgarar frå Irak (67 prosent), og Afghanistan (56 prosent) er det eit klårt fleirtal av menn. Det motsette finn vi blant dei som kjem frå Thailand og Russland kor kvinnedelen er på høvesvis 86 og 72 prosent.

Høgst del i Båtsfjord

Båtsfjord har den høgste delen utanlandske statsborgarar med 14,1 prosent, deretter følgjer Oslo med 9,5 prosent og Fjaler med 9,3 prosent. Blant dei ti kommunane med den største delen utanlandske statsborgarar finn vi fire Finnmarkskommunar. Dette har samanheng med stor innflytting dei siste åra frå nabolanda i aust. I absolutte tal bur det flest utanlandske statsborgarar i Oslo, vel 48 600, på dei neste plassane følgjer Bergen (9 900) og Stavanger (6 800). Meir enn halvdelen av dei utanlandske statsborgarane er busette i dei 10 største kommunane, i 50 av kommunane er det busett færre enn 25 utanlandske statsborgarar.

Lågast i Skandinavia

Samanlikna med dei andre skandinaviske landa så var delen utanlandske statsborgarar i 2000 på høvesvis 4,8 prosent i Danmark og 5,4 prosent i Sverige. Desse tala gjev ikkje noko godt bilete av innvandringa til landa då dei ikkje syner endringar i statsborgarskap. Mellom 1977 og 2001 har 138 300 personar fått norsk statsborgarskap. Tal for personar med bakgrunn frå innvandring vil med andre ord gje heilt andre opplysningar enn tal for utanlandske statsborgarar.

Tabeller: