Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
11 800 fleire utanlandske statsborgarar
Ved inngangen av 2003 var det 11 800 fleire personar med utanlandsk statsborgarskap samanlikna med året før. Dette er ein auke på 6 prosent. Størst vekst finn ein for utanlandske statsborgarar frå Afrika og Asia.
Per 1. januar 2003 budde det 197 670 utanlandske statsborgarar i Noreg. Desse utgjorde 4,3 prosent av folketalet. Nær halvparten av alle utanlandske statsborgarar har ikkje vore busett i Noreg i meir enn tre år.
Talet på statsborgarar frå Afrika auka med 2 750 personar, eller 19 prosent, og ligg no på 17 400. Talet på asiatiske statsborgarar vaks med 5 000 personar til 45 000. Frå dei afrikanske landa var det særleg somaliarane som har stått for den største auken det siste året - med 1 800 personar. Denne auken utgjorde 27 prosent. Av dei asiatiske statsborgarane var det afghanarar og irakarar som auka mest med høvesvis 1 100 og 2 300 personar.
Flest utlendingar finn ein i Oslo, der det bur 51 400 av dei. Akershus har 24 700 utanlandske statsborgarar, og er dermed fylket med nest flest utanlandske statsborgarar. Deretter følgjer Rogaland med 14 900. I høve til folketalet toppar Oslo og Akershus statistikken over utanlandske statsborgarar. Dei står for høvesvis 9,9 og 5,1 prosent av folkemengda i desse fylka. I Nord-Trøndelag bur det færrast utanlandske statsborgarar både når det gjeld utanlandske statsborgarar totalt (2 500) og sett i høve til folketalet (1,9 prosent).
Samanlikna med utanlandske statsborgarar frå andre verdsdelar, finn ein ei større mengd afrikanarar i Oslo. Ikring 37 prosent av alle med afrikansk statsborgarskap bur i Oslo. Tilsvarande tal for europearar er til dømes 22 prosent.
Ein av fire er skandinav
Drygt 60 prosent av de 197 670 utanlandske statsborgarane i Noreg er europearar. Asiatar er den nest største gruppa, dei utgjer snautt 23 prosent. Afrikanarar står for nær 9 prosent av alle utanlandske statsborgarar, medan busette frå Nord- og Mellom-Amerika utgjer 5,5 prosent. Om lag ein av fire utanlandske statsborgarar er anten svensk eller dansk. Irakarar utgjer nær 7 prosent av alle utanlandske statsborgarar, og ligg dermed på ein tredjeplass.
Få gamle
Nær halvdelen av alle utanlandske statsborgarar er mellom 20 og 39 år gamle. Om lag kvar fjerde er under 20 år. Ein av tre utanlandske statsborgarar er over 40 år. Berre 4 prosent er eldre enn 67 år. Kjønnsfordelinga er jamn mellom dei utanlandske statsborgarane. 51 prosent er kvinner. Her finn ein jamvel stor skilnad mellom dei einskilde landa. Det er til dømes eit klårt fleirtal av menn mellom greske statsborgarar, 77 prosent. Frå land som Thailand, Filippinane og Estland er det ei stor overvekt av kvinner. Over 80 prosent av statsborgarane frå desse landa er kvinner.
Bur i dei store byane
Om lag ein fjerdedel av alle utanlandske statsborgarar bur i Oslo. Deretter følgjer Bergen, Trondheim og Stavanger. Ser ein derimot på mengda utanlandske statsborgarar i høve til folketalet i kommunen, syner det seg eit noko anna bilete. Båtsfjord kommune i Finnmark har med 14,4 prosent den høgaste luten utanlandske statsborgarar, deretter følgjer Oslo med 9,9 prosent og Fjaler i Sogn og Fjordane med 9,4 prosent. Den minste mengda utanlandske statsborgarar finn ein i Leka i Nord-Trøndelag med 0,3 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Utanlandske statsborgarar, etter fylke. Absolutte tal og i prosent av folkemengda. 1. januar 1976-2003
- Tabell 2 Utanlandske statsborgarar, etter statsborgarskap per 1. januar 1975-2003
- Tabell 3 Utanlandske statsborgarar, etter kjønn, alder og statsborgarskap. 1. januar 2003
- Tabell 4 Utanlandske statsborgarar, etter kjønn, sivilstand og statsborgarskap. 1. januar 2003
- Tabell 5 Utanlandske statsborgarar, etter statsborgarskap og fylke. 1. januar 2003
Statistikken blir no publisert saman med Befolkning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42