Auka sal av petroleumsprodukt
Publisert:
I april enda samla sal av petroleumsprodukt på 580 millionar liter, ein auke på 3,9 prosent samanlikna med same månad i fjor.
- Tala er henta frå
- Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff
- Artikkelen er del av serien
- Sal av petroleumsprodukt (arkiv)
At førre års aprilsal var hardt råka av koronasituasjonen bidreg til auken no. I april 2021 vart det selt 221 millionar liter autodiesel, 27 millionar liter meir enn same månad i fjor. Salet av bilbensin gjekk opp 6 millionar liter og enda på 71 millionar liter.
Figur 1. Salg av petroleumsprodukt i april 2021. Millionar liter
Andre produkter | Fyringsparafin og fyringsolje | Jetparafin | Marine gassoljer | Anleggsdiesel | Autodiesel | Bilbensin | |
2021 | 25 | 3 | 23 | 162 | 77 | 221 | 71 |
Auka sal til vegtrafikk hittil i år
Frå januar til april i år er det samla selt 1198 millionar liter bilbensin og autodiesel. Det er 40 millionar liter meir enn i same periode i fjor, og svarar til ein auke i salet på 3,5 prosent.
1 Omfattar tungdestillater, tungolje, flybensin og bitumen (asfalt).
Figur 2. Sal av petroleumsprodukt. Januar til april 2020 og 2021
Bilbensin | Autodiesel | Anleggsdiesel | Marine gassoljer | Jetparafin | Fyringsparafin og fyringsolje | Andre produkter¹ | |
2020 | 276 | 882 | 300 | 675 | 241 | 17 | 80 |
2021 | 277 | 921 | 314 | 623 | 96 | 19 | 57 |
Faktasider
Kontakt
-
Ingrid Melby
-
Sigrun Kristoffersen
-
SSBs informasjonstjeneste