Nedgang i sal av bensin og diesel til bilar
Publisert:
Samla sal av bilbensin og autodiesel enda på 4,1 milliardar liter i 2018. Dette er 2 prosent mindre enn året før.
- Tala er henta frå
- Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff
- Artikkelen er del av serien
- Sal av petroleumsprodukt (arkiv)
I 2018 blei det seld 3 milliardar liter autodiesel, ein nedgang på 1,5 prosent frå året før. Sal av bilbensin blei redusert med 3 prosent, ifølgje statistikken over sal av petroleumsprodukt.
Uendra samla sal
Samla sal av petroleumsprodukt enda på 8,6 milliardar liter i 2018. Dette er tilnærma uendra tal samanlikna med 2017. I tillegg til bensin og autodiesel gjekk også salet av fyringsolje, tungdestillat og tungoljer ned frå 2017 til 2018. Salet av andre petroleumsprodukt auka derimot det siste året. Til dømes steig salet av anleggsdiesel med 8,4 prosent.
Figur 1. Sal av petroleumsprodukt 2016-2018
2016 | 2017 | 2018 | |
Bilbensin | 1155 | 1121 | 1088 |
Autodiesel | 3135 | 3052 | 3005 |
Anleggsdiesel | 921 | 897 | 972 |
Marine gassolje | 1336 | 1225 | 1308 |
Lett fyringsolje og fyringsparafin | 232 | 194 | 149 |
Jetparafin | 1088 | 1130 | 1172 |
Tungdestillat og tungolje | 115 | 120 | 112 |
Smøremiddel | 57 | 56 | 60 |
Andre | 695 | 751 | 725 |
Kravet om biodrivstoff oppfylt
Bensin og autodiesel blir tilsett biodrivstoff. Førebelse tal baserte på oppgåver til Skatteetaten syner at det vart tilsett 496 millionar liter biodrivstoff i 2018. Dette utgjer om lag 12 prosent av omsett bensin og autodiesel.
For å auke bruken av avansert biodrivstoff, og redusere biodrivstoff basert på palmeolje og liknande, tel avansert biodrivstoff dobbelt når ein skal rekna ut omsetningskravet. Ei slik berekning viser at iblandinga er på 17 prosent, noko som er langt over kravet på 10 prosent.
Faktaside
Kontakt
-
Sigrun Kristoffersen
-
Ingrid Melby
-
SSBs informasjonstjeneste