Nedgang i sal av petroleumsprodukt

Publisert:

Samla sal av petroleumsprodukt i Noreg enda på 8,3 milliardar liter i 2019. Dette er ein nedgang på 3,7 prosent samanlikna med 2018.

Salet av bilbensin minka med 5,5 prosent og enda på vel 1 milliard liter i 2019. Til samanlikning minka salet av autodiesel med 2,5 prosent og enda på snaut 3 milliardar liter.

1 Omfattar flybensin og bitumen (asfalt).

Figur 1. Sal av petroleumsprodukt 2017-2019, millionar liter

Bilbensin Autodiesel Anleggsdiesel Marine gassolje Lett fyringsolje og fyringsparafin Jetparafin Tungdestillat og tungolje Smøremiddel Andre
2017 1121 3052 897 1225 194 1130 120 56 751
2018 1088 3005 972 1308 149 1172 112 60 725
2019 1028 2928 918 1221 91 1118 123 58 782

Jamn nedgang i sal av bensin og diesel til bilar

Statistikken over sal av petroleumsprodukt dei siste ti åra viser at salet av diesel til bilar auka fram til 2016, men har dei siste åra minka noko . Salet av bilbensin har minka gjennom heile perioden. Samla sal av bensin og diesel til bilar har minka med 4,7 prosent sidan 2010.

Sal av lett fyringsolje og fyringsparafin blei kraftig redusert allereie før forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar blei vedtatt. Salet har minka gjennom heile tiårs-perioden, og i 2019 var salet på 91 millionar liter.

Figur 2. Sal av utvalde petroleumsprodukt 2010-2019

Diesel til bilar Bilbensin Anleggsdiesel Lett fyringsolje og fyringsparafin Samla bensin og diesel til bilar
2010 2524 1628 824 628 4151
2011 2622 1489 841 459 4111
2012 2730 1395 866 361 4124
2013 2797 1307 921 337 4104
2014 2901 1246 859 243 4147
2015 2993 1177 880 230 4171
2016 3135 1155 921 232 4290
2017 3052 1121 897 194 4173
2018 3005 1088 972 149 4092
2019 2928 1028 918 91 3956

Biodrivstoff

Bensin og autodiesel blir tilsett biodrivstoff. Førebelse tal basert på oppgåver til Skatteetaten syner at det vart tilsett 641 millionar liter biodrivstoff i 2019, dette utgjer om lag 16 prosent av omsett bensin og autodiesel.

For å auke bruk av avansert biodrivstoff, og redusere biodrivstoff basert på palmeolje og liknande, så teller avansert biodrivstoff dobbelt ved berekning av omsetningskravet. Ei slik berekning viser at iblandinga er på 22 prosent, noko som er langt over kravet på 12 prosent.

Kontakt