Nedgang i sal av petroleumsprodukt i mars
Publisert:
I mars enda samla sal av petroleumsprodukt på 602 millionar liter, ein nedgang på 7,4 prosent samanlikna med same månad i fjor.
- Tala er henta frå
- Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff
- Artikkelen er del av serien
- Sal av petroleumsprodukt (arkiv)
Salet av jetparafin bidrog mest til den samla nedgangen. I mars vart det selt 24 millionar liter jetparafin, 35 millionar liter mindre enn i same periode i 2020. Salet av marine gassoljer gjekk ned 17 millionar liter og enda på 167 millionar liter.
Det vart selt 72 millionar liter bilbensin i mars, ein auke på 7 millionar liter samanlikna med fjoråret. Salet av autodiesel gjekk opp 16 millionar liter, og enda på 244 millionar liter.
Figur 1. Salg av petroleumsprodukt i mars 2021. Millionar liter
Andre produkter 10 | Fyringsparafin og -olje 4 | Jetparafin 24 | Marine gassoljer 167 | Anleggsdiesel 80 | Autodiesel 244 | Bilbensin 72 | |
2021 | 10 | 4 | 24 | 167 | 80 | 244 | 72 |
Sal av drivstoff til vegtrafikk hittil i år
I perioden januar til og med mars vart det selt 206 millionar liter bilbensin her i landet, ein nedgang på 2,4 prosent samanlikna med i fjor. I same periode vart det selt 700 millionar liter autodiesel, som er ein auke i salet på 1,7 prosent.
1 Omfattar tungdestillater, tungolje, flybensin og bitumen (asfalt).
Figur 2. Sal av petroleumsprodukt. Januar til mars 2020 og 2021
Bilbensin | Autodiesel | Anleggsdiesel | Marine gassoljer | Jetparafin | Fyringsparafin og fyringsolje | Andre produkter¹ | |
2020 | 211 | 688 | 221 | 505 | 221 | 13 | 53 |
2021 | 206 | 700 | 237 | 461 | 74 | 16 | 32 |
Faktasider
Kontakt
-
Ingrid Melby
-
Sigrun Kristoffersen
-
SSBs informasjonstjeneste