Stor nedgang i petroleumssal og utslepp

Publisert:

Samla sal av petroleumsprodukt i april enda på 482 millionar liter, ein nedgang på 21 prosent frå same periode i 2019. Nedgangen skuldast i hovudsak redusert sal til fly- og vegtrafikk.

Tilnærma stans i flytrafikken førte til at sal av jetparafin gjekk ned med 66 millionar liter samanlikna med april i fjor. Det svarar til ein nedgang på 78 prosent.

Samla sal av bensin og autodiesel minka med 64 millionar liter, tilsvarande 20 prosent frå april året før, viser statistikken sal av petroleumsprodukt. Det gav vidare nedgang på 20 prosent CO2-utslepp frå vegtrafikk. Årets fire første månader gav 2,4 millionar tonn CO2-utslepp frå vegtrafikk, som er 11 prosent mindre enn same periode året før.

1 Omfattar flybensin og bitumen (asfalt).

Figur 1. Sal av petroleumsprodukt. Januar til april 2018, 2019 og 2020

Bilbensin Autodiesel Anleggsdiesel Marine gassoljer Jetparafin Tungoljer og tungdestillater Fyringsparafin og fyringsolje Andre produkter¹
2018 337 981 317 409 367 35 68 68
2019 313 934 319 375 335 32 41 39
2020 276 850 299 407 241 23 17 59

1 Omfattar flybensin og bitumen (asfalt).

Figur 2. Sal av petroleumsprodukt i april måned, etter produkt

Andre produkter¹ Fyringsparafin og fyringsolje Tungoljer og tungdestillater Jetparafin Marine gassoljer Anleggsdiesel Autodiesel Bilbensin
2002 7 46 53 51 140 52 111 184
2003 11 72 63 55 142 43 115 187
2004 12 54 64 54 140 45 124 182
2005 20 43 62 57 141 56 143 170
2006 10 53 63 70 149 52 139 163
2007 20 35 51 63 137 59 158 158
2008 16 40 58 74 147 64 192 149
2009 18 33 50 64 147 51 175 142
2010 21 31 37 57 136 57 189 128
2011 20 24 39 73 157 59 193 122
2012 28 23 28 64 150 60 203 113
2013 22 26 32 88 154 74 231 106
2014 15 15 20 86 131 67 222 102
2015 25 14 16 84 118 70 227 94
2016 28 16 9 79 113 81 246 89
2017 13 12 8 97 87 62 226 89
2018 40 9 9 90 110 76 242 86
2019 16 6 8 85 97 82 229 88
2020 25 3 4 19 98 79 188 65