7993_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/lsi/kvartal
7993
Stor nedgang i lagerbehaldninga
statistikk
2000-02-25T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
lsi, Lagerindeks for industri (opphørt), lagerbeholdning, ferdigvarer, varer i arbeid, verdi, volumIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Lagerindeks for industri (opphørt)4. kvartal 1999

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Stor nedgang i lagerbehaldninga

Total lagerverdi for utvalde industribransjar, rekna i originalseriar, var sviktande i heile 1999. Verdien var 30 prosent lågare i 4. kvartal enn i same kvartal året før. Lagervolumet gjekk ned med nesten 33 prosent i same periode.

Lagerbehaldning totalt og etter varetype. Verdital. Original. 1995=100

Endringa har vore sterkast for varer i arbeid, med ein nedgang på om lag 38 prosent for volum og verdi. Tala for ferdigvarer viser ein nedgang i volum på 24 prosent frå 4. kvartal 1998, og ein noko svakare reduksjon i verdi med 17 prosent.

Oljeplattformer og modular

Næringa har ein relativt kraftig nedgang i lagerverdi frå 3. til 4. kvartal, noko som i hovudsak kjem av levering av to store prosjekt til offshoreverksemda. Held ein desse prosjekta utanfor utrekninga, viser indeksen likevel ein svak nedgang samanlikna med førre periode. Endringa frå same kvartal i 1998 er på om lag 46 prosent rekna i volumtal.

Metallindustrien

Metallindustrien hadde ein nedgang i lagerverdi på 3 prosent frå same kvartal året før, medan ikkje-jernhaldige metall hadde ein auke på om lag 14 prosent. Tilsvarande volumtal viser ein nedgang på 9 prosent for metallindustrien og ein auke på 7 prosent for ikkje-jernhaldige metall. Samanhengen mellom verdi og volum indikerer styrkte prisar for næringa. Tal for metallvareindustri viser at samla lagerverdi er noko svekt samanlikna med volum.

Lagerbehaldning. Endringstal. 1995=100
  Lagerbehaldning (ujustert)1
Næring 3. kvartal 1998-3. kvartal 1999 4. kvartal 1998-4. kvartal 1999
Total -13,5 -30,2
Kjemiske råvarer -5,3 -15,7
Metallindustri 2,0 -2,9
Maskinindustri -24,3 -31,4
Oljeplattformer -10,8 -45,8
Transportmiddelindustri -34,4 -52,0
1  Tala viser endringa i verdiserien.