Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Auka lager av ferdigvarer og varer i arbeid
Samla lagerbehaldning for industrien synte ein moderat auke i 4. kvartal 2001, og både lagre av ferdigvarer og av varer i arbeid var merkbart høgare enn i same periode 2000.
Lagerbehaldninga auka med heile 25 prosent, målt i løpande prisar, samanlikna med 4. kvartal 2000. I faste prisar utgjer dette ein auke på 29 prosent. Med ein vekst på om lag 19 og 30 prosent medverka både lagre av ferdigvarer og av varer i arbeid til denne utviklinga. Mykje av auken i lagre av varer i arbeid må sjåast i samanheng med at nivået på desse var uvanleg lågt i 4. kvartal 2000. Reviderte data synte at nedgangen i samla lager i 3. kvartal blei mindre enn tidlegare rekna med. På tross av dette blei det registrert moderat auke frå 3. til 4. kvartal 2001. Samla lager av ferdigvarer nådde sitt høgaste nivå sidan 1. kvartal 1999.
Metallindustrien: Same nivå som i 2000
Samla lagerbehaldning steig med om lag 9 prosent frå 3. til 4. kvartal 2001, men var meir eller mindre uendra samanlikna med same periode 2000. Lageroppbygginga må sjåast i samanheng med redusert etterspurnad etter ikkje-jernhaldig metall frå den utanlandske marknaden.
Maskinindustrien: Markant auke
Næringa rapporterer om ein markant auke i samla lager i 4. kvartal 2001. Desse er no heile 53 prosent høgare enn i same periode eit år tidlegare.
Oljeplattformer og modular: Ny lageroppbygging
Nedgangen i 3. kvartal blei avløyst av ny lageroppbygging i dei siste månadene av 2001. Samla lager var no om lag 36 prosent høgare enn i 4. kvartal 2000.
Lagerbeholdning1 |
Næring | Endring i lagerverdi | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
3. kv. 00-3. kv. 01 | 4. kv. 00-4. kv. 01 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Total | -15,6 | 25,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjemiske råvarer | 21,1 | 20,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Metallindustri | -9,7 | 0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Maskinindustri | 10,2 | 52,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oljeplattformer | -48,9 | 35,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Ujusterte verdiserier. |
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42