Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Auka lagerbehaldning for industrien
Samla lagerbehaldning for industrien heldt fram med å vekse i 4. kvartal 2002. Lagre av varer i arbeid steig for femte kvartal på rad, og ein viktig årsak er auken for oljeplattformer og modular. Lagre av ferdigvarer synte også ein moderat auke.
Rapporterte tal for 4. kvartal 2002 syner ein moderat auke i samla lagerbehaldning for industrien. Behaldninga av varer i arbeid har ikkje vore større sidan 3. kvartal 2000 og er no om lag 21 prosent høgare - målt i løpande prisar - enn på same tid året før. I faste prisar utgjer dette ein auke på om lag 19 prosent.
Behaldninga av ferdigvarer innan metallindustrien veks
Samla lagerbehaldning for metallindustrien held fram med å vekse, men er framleis om lag 20 prosent lågare enn i 4. kvartal 2001. Auka lagre av ferdigvarer innafor produksjon av ikkje-jernhaldige metall er ei viktig årsak til denne utviklinga.
Reduserte lagre av varer i arbeid for maskinindustrien
Næringa maskinindustri melder om ein markert nedgang i lagerbehaldninga av varer i arbeid. Indikatoren har ikkje vore lågare sidan 3. kvartal 1996. Samla lagerbehaldning er om lag 30 prosent lågare - målt i faste priser - enn på same tid året før.
Høg aktivitet innan oljeplattformer og modular
Behaldninga av varer i arbeid hos produsentar av oljeplattformer og modular stig for femte kvartal på rad, og målt i løpande prisar utgjer dette ein auke på heile 109 prosent. Næringa oljeplattformer og modular er prega av at enkelte store aktørar har stor påverknad på totalbilete.
Auka behaldning av varer i arbeid for transportmiddelindustrien
Transportmiddelindustrien rapporterer om veksande lagre av varer i arbeid i 4. kvartal 2002, men det er framleis laber aktivitet i næringa. Samla lagerbehaldning er om lag 17 prosent lågare - målt i faste prisar - enn på same tid året før.
Lagerbeholdning1 |
Næring | Endring i lagerverdi | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
3. kv. 2001-3. kv. 2002 | 4. kv. 2001-4. kv. 2002 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Total | 5,3 | 8,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjemiske råvarer | -16,0 | -14,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Metallindustri | -22,9 | -24,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Maskinindustri | -2,6 | -32,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oljeplattformer | 66,5 | 63,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Ujusterte verdiserier. |
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42