7959_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/lsi/kvartal
7959
Låg lagerbehaldning i industrien
statistikk
2004-02-20T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
lsi, Lagerindeks for industri (opphørt), lagerbeholdning, ferdigvarer, varer i arbeid, verdi, volumIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Lagerindeks for industri (opphørt)4. kvartal 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Låg lagerbehaldning i industrien

Samla lagerbehaldning i industrien fall også i 4. kvartal 2003. Den har då falle gjennom heile året. Utviklinga har i stor grad vore prega av ein svak ordretilgang og lågare produksjonsaktivitet.

Industriens samla lagerbehaldning har blitt redusert i heile 2003 og er no tilbake på nivået i 2. kvartal 1996. Den ordrebaserte industrien er mest prega av utviklinga i næringane oljeplattformer og modular og transportmiddelindustrien med ein svak ordretilgang i dei tre første kvartala.

Lager. Volumindeksar. 1995=100

Redusert lagerbehaldning for transportmiddelindustrien

Næringa si samla lagerbehaldning er kraftig redusert gjennom 2003 og er på eit historisk lågt nivå. I 4. kvartal 2003 er samla lagerbehaldning halvert i forhold til same tidspunkt i 2002.

Låg lagerbehaldning for produsentar av oljeplattformer og modular

Samla lagerbehaldning har falle i heile 2003 og ligg vel 70 prosent lågare enn på same tidspunkt i 2002. Lagra av ferdigvarer var som for 3. kvartal litt opp frå førre kvartal, men held seg likevel på eit lågt nivå.

Høg lagerbehaldning for produsentar av kjemikaliar og kjemiske produkt

Etter ein liten nedgang frå 2. til 3. kvartal 2003, rapporterte næringa om ein oppgang i samla lagerbehaldning i 4. kvartal 2003. Både lagra av varer i arbeid og ferdigvarer viser dette. Målt i faste prisar er auken på om lag 12 prosent samanlikna med 4. kvartal 2002.

Auka lagre for metallindustrien

Lagerbehaldninga for metallindustrien held fram med å auke, og ligg om lag 13 prosent høgare enn i 4. kvartal 2002 - målt i volum. Utviklinga i lagra av ferdigvarer er hovudforklaringa til dette. Lagerbehaldning av ikkje-jarnhaldige metall steig også i 4. kvartal 2003, knytt til ein auke i lagra av ferdigvarer. Samla lagerbehaldning for ikkje-jarnhaldige metall er om lag 17 prosent høgare enn på same tid i 2002 - målt i volum.

Lagerbehaldning1
Næring Endring i lagerverdi
3. kv. 2002-3. kv. 2003 4. kv. 2002-4. kv. 2003
Total -23,2 -35,8
Kjemiske råvarer 12,1 11,8
Metallindustri 32,3 30,6
Maskinindustri -9,9 9,3
Oljeplattformer -56,8 -68,9
1  Ujusterte verdiseriar.