Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Lagerbehaldninga noko opp igjen
Lagerbehaldninga til ordreindustrien heldt fram med å stige i 4. kvartal 2004. Auka lager av varer i arbeid innafor næringa oljeplattformar og modular medverka sterkt til utviklinga.
Lagerauke for oljeplattformer og modular
Samla lagerbehaldning innafor næringa oljeplattformer og modular heldt fram med å stige i 4. kvartal 2004, men er framleis på eit lågt nivå. Målt i faste prisar er indikatoren om lag 12 prosent høgare enn på same tidspunkt i 2003. Målt i løpande prisar gir dette ein oppgang på 14,9 prosent.
Teikn til betring i transportmiddelindustrien
Lagerbehaldninga til transportmiddelindustrien var om lag 18 prosent høgare enn i 4. kvartal 2003 - målt i faste prisar. Målt i løpande prisar gir dette ein auke på i underkant av 21 prosent. Nokre store kontraktar i eksportmarknaden for bygging av skip medverka sterkt til utviklinga.
Auka lagerbehaldning i metallindustrien
Samla lagerbehaldning i metallindustrien er merkbart høgare enn i 3. kvartal 2004, men framleis om lag 11 prosent lågare enn på same tid i 2003 - målt i faste prisar. Auka lager av ferdigvarer innafor produksjon av ikkje-jernhaldige metall medverka sterkt til utviklinga.
Bortimot uendra lager innafor kjemisk industri
Lagarbehaldninga i næringa kjemisk industri var heile 23,6 prosent lågare enn i 4. kvartal 2003 - målt i faste prisar. Målt i løpande prisar gir dette ein nedgang på 13,8 prosent. Ein kraftig reduksjon i lagra av ferdigvarer var årsak til utviklinga.
Lagerbehaldning1 |
Næring | Endring i lagerverdi | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
3. kv. 2003-
3. kv. 2004 |
4. kv. 2003-
4. kv. 2004 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Total | -10,9 | 7,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjemiske råvarer | -6,3 | -13,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Metallindustri | -0,0 | 4,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Maskinindustri | 19,0 | 24,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oljeplattformer | -27,1 | 14,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Ujusterte verdiseriar. |
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42