7943_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/lsi/kvartal
7943
Framleis lagerauke i industrien
statistikk
2006-02-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
lsi, Lagerindeks for industri (opphørt), lagerbeholdning, ferdigvarer, varer i arbeid, verdi, volumIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Lagerindeks for industri (opphørt)4. kvartal 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis lagerauke i industrien

Samla lagerbehaldning i industrien auka i 4. kvartal 2005 samanlikna med kvartalet før. Dette heng saman med auka lager i transportmiddelindustrien og for kjemikaliar og kjemiske produkt.

Lager. Volumindeksar. 1995=100

Lagerbehaldninga innanfor kjemikaliar og kjemiske råvarer var svært høg i 4. kvartal 2005, og målt i faste prisar var ho 27 prosent høgare enn i 4. kvartal 2004. Tilsvarande samanlikning i løpande prisar gav ein auke på 28,2 prosent.

Samla lagerbehaldning i transportmiddelindustrien har auka sidan 3. kvartal 2004. Målt i både faste og løpande prisar var lagerbehaldninga over det doble i 4. kvartal 2005 samanlikna med 4. kvartal 2004.

Det var ein auke i lagra i metallindustrien i 4. kvartal 2005, men på grunn av ein reduksjon i 2. og 3. kvartal var lagerbehaldninga lågare enn 4. kvartal 2004.

Reduserte lagre

Samla lagerbehaldning innanfor metallvarer var noko ned i 4. kvartal 2005 samanlikna med 3. kvartal 2005, men var stadig på eit høgt nivå. Målt i volum var næringa si lagerbehaldning 14,5 prosent høgare i 4. kvartal 2005 enn i 4. kvartal 2004. I verdi gav dette ein auke på 19,1 prosent.

Bedriftene har rapportert om reduserte lagre innanfor næringa for elektroteknisk og optisk industri i 4. kvartal 2005.

Lagerbehaldning1
Næring Endring i lagerverdi
3. kv. 2004-
3. kv. 2005
4. kv. 2004-
4. kv. 2005
Total 26,1 23,5
Kjemiske råvarer 11,1 34,6
Metallindustri 13,2 -2,2
Maskinindustri 14,0 13,8
Oljeplattformer 4,7 -12,6
1  Ujusterte verdiseriar.