Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Høg lagerbehaldning i industrien
Samla lagerbehaldning i industrien har auka i heile 2006 og var på eit svært høgt nivå i 4. kvartal 2006. Det var ein særs oppgang i lagre av varer i arbeid i oljeplattformer og modular som førte til vekst i behaldningane.
Produsentar av oljeplattformer og modular rapporterte om ytterlegare auka lagre i 4. kvartal 2006. Målt i faste prisar var lagra 135,5 prosent høgare i 4. kvartal 2006 enn i 4. kvartal 2005. I løpande prisar var oppgangen på 140,2 prosent i same tidsrom. Lagra av varer i arbeid for denne næringa har stige samanhengande i 2005 og 2006, noko som indikerer eit høgt aktivitetsnivå.
Samla lagerbehaldning i transportmiddelindustrien har også stege frå 4. kvartal 2005 til 4. kvartal 2006. Lagra til næringa var på eit rekordhøgt nivå i 4. kvartal 2006, og det er høgt aktivitetsnivå i næringa i 2006 som har ført til veksten.
Lagra i metallvareindustrien auka ytterlegare i 4. kvartal 2006. Dei var då rekordhøge og 19,0 prosent større enn i 4. kvartal 2005, målt i faste prisar. I verdi var oppgangen i lagerbehaldninga på 23,9 prosent frå 4. kvartal 2005 til 4. kvartal 2006.
Det blei også rapportert om ein auke i lagra for elektronisk og optisk industri i 4. kvartal 2006 samanlikna med same periode året før. Veksten var på 23,3 prosent, målt i faste prisar. Næringa si samla lagerbehaldning var på eit rimeleg høgt nivå. Tilsvarande samanlikning for løpande prisar viste ein auke på 23,0 prosent.
Lagerbehaldning1 |
Næring | Endring i lagerverdi | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
3. kvartal 2005-
3. kvartal 2006 |
4. kvartal 2005-
4. kvartal 2006 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Total | 41,5 | 43,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjemiske råvarer | -3,4 | -11,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Metallindustri | -7,6 | -0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Maskinindustri | 20,1 | 0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oljeplattformer | 94,5 | 140,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Ujusterte verdiseriar. |
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42