Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Kraftig lagerauke i industrien
Samla lagerbehaldning i industrien var på eit historisk høgt nivå i 4. kvartal 2007. Dette kom hovudsakleg av ein særs oppgang i lagre av varer i arbeid i oljeplattformer og modular, maskinindustri og i transportmiddelindustrien.
Det var ein markert auke i lagra av varer i arbeid i oljeplattformer og modular og i transportmiddelindustrien frå 4. kvartal 2006 til 4. kvartal 2007. Dette viser at det har vore høg aktivitet i desse næringane gjennom 2007. I volum og verdi var veksten på respektive 57 og 59 prosent for oljeplattformer og modular. Endringa i lagra til transportmiddelindustrien i volum og verdi var på 55 og 57 prosent i same tidsrom. For oljeplattformer og modular har lagre av varer i arbeid vist oppgang sidan 2. kvartal 2005. For transportmiddelindustrien har det vore vekst sidan 3. kvartal 2004.
Lagerbehaldninga i maskinindustrien var rekordhøg i 4. kvartal 2007. Det har vore ein vekst på respektive 59 og 64 prosent sidan 4. kvartal 2006, målt i volum og verdi. I elektroteknisk og optisk industri har lagerbehaldningane stege i 2007, men dei flata litt ut i 3. og 4. kvartal 2007. Trass i dette var lagerbehaldningane i næringa 27 prosent høgare i 4. kvartal 2007 enn i same periode året før, målt i faste prisar. Verdiauken var på 26 prosent i same tidsrom.
Høge lagre av ferdigvarer
Det blei rapportert om auka lagre i metallindustrien i 4. kvartal 2007 samanlikna med 4. kvartal 2006. Veksten var på 32 prosent målt i faste prisar, medan verdiauken var på 27 prosent. I ikkje-jernhaldege metall, var auken i lagerbehaldningane på 29 og 14 prosent, målt i volum og verdi.
Næring | Endring i lagerverdi | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
3. kvartal 2006-
3. kvartal 2007 |
4. kvartal 2006-
4. kvartal 2007 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Total | 44,5 | 43,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjemiske råvarer | -10,0 | -0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Metallindustri | 25,7 | 27,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Maskinindustri | 16,2 | 64,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oljeplattformer | 93,3 | 59,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Ujusterte verdiseriar. |
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42