7911_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/lsi/kvartal
7911
Fallande lagerbehaldning i industrien
statistikk
2010-02-19T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
lsi, Lagerindeks for industri (opphørt), lagerbeholdning, ferdigvarer, varer i arbeid, verdi, volumIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Lagerindeks for industri (opphørt)4. kvartal 2009

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Fallande lagerbehaldning i industrien

Lagerbehaldninga gjekk ytterlegare ned i 4. kvartal 2009. Næringa bygging av skip og oljeplattformer medverka i stor grad til utviklinga.

Målt i faste prisar fall lagerbehaldninga i ordrebasert industri med 21,7 prosent frå 4. kvartal 2008 til 4. kvartal 2009. Reduserte lagre av varer i arbeid var hovudårsaka til nedgangen. Utviklinga må setjast i samanheng med låg ordretilgang i perioden etter den internasjonale finanskrisa (Sjå Kvartals ordrestatistikk ). Samla lagerbehaldning var framleis på eit høgt nivå - historisk sett.

Lagervolum. Endring siste år

Varer i arbeid

Produkt eller delar av produkt der det framleis står igjen arbeid før desse er klargjorde for vidaresal til kundar. Mengda av varer i arbeid i industrien vil normalt vere større ved eit høgt aktivitetsnivå enn ved eit lågt.

Ferdigvarer

Produkt som er klargjorde for vidaresal til kundar. Over tid vil fall i etterspørselen føre til auka lagre av ferdigvarer i industrien dersom produksjonen ikkje blir endra i takt med nedgangen. Det motsette vil skje ved stigande etterspørsel dersom produksjonen ikkje blir justert i takt med veksten.

Reduserte lagre i mange næringar

I 4. kvartal 2009 var lagerbehaldninga til næringa bygging av skip og plattformer 33,5 prosent lågare enn på same tid i 2008 - målt i faste prisar. Dette kjem hovudsakleg av reduserte lagre av varer i arbeid grunna ein markert svikt i ordremassen.

Lagerbehaldninga til produsentar av ikkje-jarnhaldige metall gjekk ned med 22,0 prosent frå 4. kvartal 2008 til 4. kvartal 2009 - målt i faste prisar. Tilsvarande tal for heile metallindustrien var 33,9 prosent.

Kjemisk og farmasøytisk industri melder at lagerbehaldninga fall med 13,7 prosent frå 4. kvartal 2008 til 4. kvartal 2009 - målt i faste prisar. For produsentar av kjemiske råvarer var den tilsvarande nedgangen berre 0,6 prosent. Dersom ein tek omsyn til marknadsprisane var fallet på 9,5 prosent.

Lagerbehaldning1
Næring Endring i lagerverdi
3. kvartal 2008-3. kvartal 2009 4. kvartal 2008-4. kvartal 2009
Total -9,9 -20,7
Kjemiske råvarer -10,8 -9,5
Metallindustri -29,3 -35,0
Maskinindustri 10,9 2,4
Bygging av skip og oljeplattformer -11,2 -31,9
1  Ujusterte verdiseriar.