Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Svak nedgang i industriomsetninga
Frå januar til november 2002 omsette industrien for 461 milliardar kroner. Dette var 2,1 prosent mindre enn i same periode i 2001. Sesongjusterte omsetningstal for industrien viser ein svak nedgang frå oktober til november i 2002, på 1,4 prosent.
Omsetninga av innsatsvarer viste ein nedgang på 5,2 prosent i perioden januar til november 2002 samanlikna med same perioden året før, medan investeringsvarer hadde ein auke på 4,4 prosent, ifølgje dei ujusterte tala. Svak utvikling innan treforedling, kjemiske råvarer og ikkje-jernhaldige metall er årsak til nedgangen i innsatsvarer. Dei positive tala for investeringsvarer kan knytast til næringar som metallvareindustri, maskinindustri og transportmiddelindustri.
Svak oppgang for treforedlingsindustrien
Omsetninga av innsatsvarer og investeringsvarer har hatt ein liten nedgang på respektive 2,5 prosent og 2,8 prosent frå oktober til november 2002, viser dei sesongjusterte tala. Omsetninga innan treforedling har hatt ein auke på om lag 3 prosent. Dette kjem etter ein lang periode med nedgang i omsetninga. Utviklinga i omsetninga for ikkje-jernhaldige metall viser no teikn til utflating, også etter ein negativ periode.
Framleis negativ utvikling innan eksportretta industri
Ujusterte tal for november 2002 viser òg ein nedgang i omsetninga av innsatsvarer samanlikna med november 2001. Næringsgrupper som treforedling og kjemiske råvarer kan også knytast til denne endringa. For investeringsvarer var omsetningsfallet noko større enn for innsatsvarer i denne perioden. Dette heng saman med den tiltakande negative utviklinga for store delar av verkstadindustrien. Metallvareindustrien skil seg ut med ein auke på 6,4 prosent samanlikna med november 2001.
Månedlig omsetningsstatistikk. Olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning. November 2002 |
Råserier1 | Endring i prosent | Sesongjusterte endringstall i prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
November 2002 | November 2001-november 2002 | August 2002-september 2002 | September 2002-oktober 2002 | Oktober 2002-november 2002 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalomsetning | 98 281 | 14,1 | 0,8 | -2,4 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 41 717 | 31,2 | 0,7 | -6,5 | 0,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 43 995 | -5,5 | 0,6 | -3,4 | -1,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 11 709 | 75,6 | 11,5 | 14,9 | 24,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 15 566 | -5,1 | -0,1 | -0,4 | -2,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 10 956 | -13,4 | 0,7 | -7,6 | -2,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 16 137 | -0,9 | 6,2 | -4,3 | 0,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 55 621 | 36,3 | 1,0 | -3,7 | 7,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Millioner NOK. |
Finn flere tall
Finn detaljerte tall fra Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Tilleggsinformasjon
Utviklingen i omsetningstall kan knyttes til volumendringer (produksjonsindeks), prisendringer (produsentprisindeks) samt produksjon til lager og salg fra lager.
Kontakt
-
Robert Skotvold
E-post: robert.skotvold@ssb.no
tlf.: 40 90 24 44
-
Anne Karin Linderud Haugen
E-post: anne.karin.linderud.haugen@ssb.no
tlf.: 91 88 19 76