Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Svak nedgang i industrien
Norsk industri omsette for om lag 44 milliardar kroner i november 2003. Omsetninga innanfor industrien ein månad før slutten av året ligg på 465 milliardar kroner, ein nedgang på 2,2 prosent samanlikna med same periode førre år.
Investeringsvarer opplevde størst endring dei siste tre månadene samanlikna med førre tremånadsperiode, med ein nedgang på heile 7,6 prosent. Den viktigaste årsaka til denne nedgangen ser ein innanfor transportmiddelindustrien, der det siste tremånads gjennomsnitt viser klart svakare omsetning enn føregåande periodar. Innsatsvarer heldt seg nærmast uendra, mens konsumvarer gikk ned med 1,9 prosent.
Innsatsvarer ned 0,6 prosent
Omsetninga for innsatsvarer heldt seg nærmast uendra i dei siste tre månadene samanlikna med dei føregåande tre månadene 2003. Dei to store næringane innanfor denne varetypen, kjemiske råvarer og ikkje-jernhaldige metall, opplevde begge ein auke på 11,5 prosent.
Konsumvarer ned 1,9 prosent
Konsumvarer opplevde ein nedgang i forhold til siste tremånadsperiode. Ein tilbakegang innanfor næringsmiddelindustrien medverkar til dette, medan forlag og grafisk industri staggar dette.
Olje- og gassutvinning opp 6 prosent
Norsk olje- og gassutvinning omsette for om lag 30 milliardar i november 2003, viser ujusterte tal. Tal for den siste tremånadsperioden viser ein auke på 6 prosent samanlikna med førre tremånadsperiode. Oppgangen innanfor olje- og gassutvinninga må sjåast i samanheng med ein auke i både produksjon og pris.
Månadleg omsetningsstatistikk. Olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning.
November 2003 |
Råseriar1 november 2003 |
Endring i prosent
november 2002- november 2003 |
Råseriar1 januar-november 2003 |
Endring i prosent
januar-november 2002- januar-november 2003 |
Sesongjusterte endringstal
i prosent oktober 2003- november 2003 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Totalomsetning | 84 052 | -2,5 | 902 542 | 3,1 | 1,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 30 055 | 2,9 | 319 069 | 0,8 | 7,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 43 615 | -2,1 | 465 110 | -2,2 | -1,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 9 831 | -14,6 | 112 475 | 49,1 | -10,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 15 472 | -1,6 | 164 160 | -3,1 | -0,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 10 827 | -4,6 | 117 140 | -3,6 | -1,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 15 432 | -4,9 | 162 078 | -4,4 | 0,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 42 321 | -1,4 | 459 162 | 10,6 | 3,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Millionar kroner. |
tlf. 21 09 42 21.
Finn flere tall
Finn detaljerte tall fra Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Tilleggsinformasjon
Utviklingen i omsetningstall kan knyttes til volumendringer (produksjonsindeks), prisendringer (produsentprisindeks) samt produksjon til lager og salg fra lager.
Kontakt
-
Robert Skotvold
E-post: robert.skotvold@ssb.no
tlf.: 40 90 24 44
-
Anne Karin Linderud Haugen
E-post: anne.karin.linderud.haugen@ssb.no
tlf.: 91 88 19 76