Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Auke i industrien i første kvartal
Frå januar til mars omsette industrien for nærare 127 milliardar kroner. Dette var 3,5 prosent meir enn i same periode i 2003. Størst var auken innanfor innsatsvarer, men òg konsumvarer opplevde ein jamn auke i årets første kvartal.
Norsk olje- og gassutvinning omsette for 96 milliardar kroner i perioden januar til mars 2004. Dette var 3 prosent høgare enn i same periode i fjor. Fleire selskap har meldt om eit stort handelsvolum av olje omsett til gode prisar. Gjennomsnittleg oljepris for mars 2004 var 238 kroner per fat mot 228 kroner i mars i fjor, viser statistikk over utanrikshandel.
Auke i innsatsvarer
Innsatsvarer har hatt ein auke på 8,9 prosent samanlikna med førre kvartal. Kjemiske råvarer, trelast- og trevareindustrien og mineralproduktindustrien aukar, men den største auken opplevde metallindustrien. Næringa sjølv melder om stor etterspørsel, høgare prisar samt auka eksport. Produksjonsindeksen viste òg auke innanfor ikkje-jernhaldige metall. Sal frå lager har dekka større delar av denne etterspørselen.
Auke i investeringsvarer
Investeringsvarer har stige jamt dei tre siste månadene, men førebels ligg omsetningstala under omsetninga dei hadde i same periode i 2003. Dette heng saman med større prosjektrealiseringar innanfor transportmiddelindustrien første kvartal 2003. Den same trenden kan sjåast i andre næringar, til dømes metallvareindustrien, maskinindustrien og oljeplattformer.
Næringsmiddelindustrien auka
Industrinæringar som produserer konsumvarer, har opplevd ein samla auke på nærare 6 prosent første kvartal 2004 samanlikna med same periode året før. Størst har auken vore innanfor næringsmiddelindustrien, etterfølgt av møbelindustri og annan industri, medan tekstil- og klesindustrien fortsatt opplever nedgang.
Månadleg omsetningsstatistikk. Olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Mars 2004 |
Råseriar1. Mars 2004 | Endring i prosent. Mars 2003-mars 2004 | Råseriar1. Januar-mars 2004 | Endring i prosent. Januar-mars 2003 - januar-mars 2004 | Sesongjusterte endringstal i prosent. Februar-mars 2004 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Totalomsetning | 90 238 | 6,8 | 255 120 | -3,4 | -0,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 32 235 | 11,5 | 96 334 | 3,0 | 0,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 48 703 | 12,9 | 126 891 | 3,5 | 4,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 8 610 | -27,7 | 30 099 | -35,6 | -4,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 18 561 | 25,0 | 48 864 | 15,7 | 3,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 11 177 | 0,6 | 27 289 | -12,2 | 3,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 16 743 | 15,8 | 44 485 | 5,9 | 5,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 43 757 | -0,7 | 134 481 | -9,7 | -3,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Millionar kroner. |
Finn flere tall
Finn detaljerte tall fra Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Tilleggsinformasjon
Utviklingen i omsetningstall kan knyttes til volumendringer (produksjonsindeks), prisendringer (produsentprisindeks) samt produksjon til lager og salg fra lager.
Kontakt
-
Robert Skotvold
E-post: robert.skotvold@ssb.no
tlf.: 40 90 24 44
-
Anne Karin Linderud Haugen
E-post: anne.karin.linderud.haugen@ssb.no
tlf.: 91 88 19 76