Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Auke i industriomsetninga første halvår
Norsk industri omsette for om lag 266 milliardar i første halvår av 2005. Dette er ein auke på 2,6 prosent samanlikna med same periode i fjor. Omsetninga av innsatsvarer og investeringsvarer hadde ein oppgang, medan omsetninga av konsumvarer gjekk tilbake.
Innanfor norsk olje- og gassutvinning var omsetninga om lag 243 milliardar kroner frå januar til juni 2005, noko som var nær 24 prosent meir enn i same periode i fjor. Snittprisen per fat råolje har i første halvår 2005 vore nær 35 prosent høgare enn første halvår 2004. Produksjonen av olje var noko lågare, medan gassproduksjonen hadde ein auke.
Innsatsvarer
Omsetninga av innsatsvarer hadde ein auke gjennom første halvår i år samanlikna med same periode i fjor. Trelast- og trevareindustri og oljeraffinering og kjemisk industri hadde den største oppgangen, medan metallindustrien og treforedling hadde ein nedgang.
Investeringsvarer
Investeringsvarer hadde den største auken av varetypane i årets seks første månader. Det var metallvareindustrien og transportmiddelindustrien som hadde den største oppgangen av investeringsvarene. Høg ordreinngang i både heime- og eksportmarknaden gjer at omsetninga innanfor investeringsvarer venteleg vil auke vidare utover i 2005. Innanfor omsetning av investeringsvarer var det berre elektroteknisk og optisk industri som hadde ein nedgang gjennom første halvår i år.
Konsumvarer
Omsetninga av konsumvarer viste ein nedgang i første halvår i år samanlikna med same periode i fjor. Dette hang saman med nedgang i omsetninga innanfor næringsmiddelindustrien og i forlag og grafisk industri. Møbelindustri og annan industri og tekstil- og kleindustrien dempa nedgangen i omsetninga av konsumvarer i perioden.
Månadleg omsetningsstatistikk. Olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Juni 2005 |
Råseriar1 januar-juni 2005 | Endring i prosent Januar-juni 2004-januar-juni 2005 | Råseriar1 juni 2005 | Endring i prosent juni 2004-juni 2005 | Endringstal i prosent. Sesongjustert. Januar-mars 2005-april-juni 2005 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Totalomsetning | 570 769 | 11,1 | 96 471 | 6,1 | 5,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 242 966 | 23,7 | 37 916 | 15,5 | 8,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 265 590 | 2,6 | 49 318 | 0,6 | -1,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 57 475 | 5,7 | 8 305 | 0,2 | 27,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 103 434 | 2,8 | 19 141 | -0,7 | -0,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 62 790 | 6,4 | 13 124 | 11,6 | 2,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 83 743 | -5,1 | 14 902 | -7,3 | -3,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 320 802 | 20,7 | 49 303 | 12,5 | 11,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Millionar kroner. |
Finn flere tall
Finn detaljerte tall fra Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Tilleggsinformasjon
Utviklingen i omsetningstall kan knyttes til volumendringer (produksjonsindeks), prisendringer (produsentprisindeks) samt produksjon til lager og salg fra lager.
Kontakt
-
Robert Skotvold
E-post: robert.skotvold@ssb.no
tlf.: 40 90 24 44
-
Anne Karin Linderud Haugen
E-post: anne.karin.linderud.haugen@ssb.no
tlf.: 91 88 19 76