Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Ny auke i industriomsetninga
Det var ein auke på 7,8 prosent i omsetninga i norsk industri frå desember 2005 til februar 2006 samanlikna med dei tre månadene før, viser sesongjusterte tal. Omsetninga auka både i heimemarknaden og i eksportmarknaden.
Det var då ein klår vekst i omsetninga av investeringsvarer. Dette hang mellom anna saman med omsetninga i plattform- og maskinindustrien som hadde ein markert oppgang.
Omsetninga av innsatsvarer auka også frå desember 2005 til februar 2006 samanlikna med månadene før. Alle næringane som produserer innsatsvarer hadde ein vekst, mens det var ein særskild auke i metallindustrien.
Det var også ein vekst i omsetninga av konsumvarer frå desember i fjor til februar i år samanlikna med månadene før. Dette hang saman med ein oppgang i norsk næringsmiddelindustri, medan det var ein nedgang i omsetninga innanfor forlag og grafisk industri og i møbelindustrien.
Månadleg omsetningsstatistikk. Olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Februar 2006 |
Råseriar1 januar-februar 2006 | Endring i prosent januar-februar 2005-januar-februar 2006 | Råseriar1 februar 2006 | Endring i prosent februar 2005-februar 2006 | Endringstal i prosent. Sesongjustert. September-november 2005-desember 2005-februar 2006 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Totalomsetning | 219 863 | 28,1 | 106 068 | 22,8 | 9,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 88 548 | 30,5 | 40 561 | 20,8 | 6,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 100 748 | 21,0 | 50 891 | 18,3 | 7,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hjemmemarked | 58 413 | 21,0 | 29 891 | 20,9 | 6,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eksportmarked | 42 335 | 21,1 | 21 000 | 14,8 | 9,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 29 137 | 52,2 | 13 954 | 54,4 | 8,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 38 043 | 11,9 | 18 981 | 8,9 | 7,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 25 833 | 46,4 | 13 559 | 44,5 | 8,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 28 699 | 9,1 | 14 537 | 7,4 | 4,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 127 289 | 35,8 | 58 991 | 28,2 | 7,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Millionar kroner. |
Finn flere tall
Finn detaljerte tall fra Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Tilleggsinformasjon
Utviklingen i omsetningstall kan knyttes til volumendringer (produksjonsindeks), prisendringer (produsentprisindeks) samt produksjon til lager og salg fra lager.
Kontakt
-
Robert Skotvold
E-post: robert.skotvold@ssb.no
tlf.: 40 90 24 44
-
Anne Karin Linderud Haugen
E-post: anne.karin.linderud.haugen@ssb.no
tlf.: 91 88 19 76