Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Auke i omsetninga til norsk industri
Norsk industri har omsett for om lag 591 milliardar hittil i år. Dette er ein auke på 24 prosent samanlikna med den same perioden i fjor. Omsetninga for oktober i år er 27,6 prosent høgare enn i den same perioden i 2005.
I norsk olje- og gassutvinning var omsetninga på om lag 46 milliardar kroner i oktober 2006, ein auke på 3,1 prosent samanlikna med den same månaden i fjor. Prisen per fat råolje i oktober var på 387 kroner, mot 382 kroner i oktober i fjor, viser statistikk over utanrikshandel med varer .
Innsatsvarer aukar mest
Sesongjusterte tal viser ein auke i omsetninga av innsatsvarer, investeringsvarer og konsumvarer i perioden august til oktober samanlikna med dei tre førre månadene. Veksten i omsetninga i innsatsvarer og konsumvarer kom hovudsakeleg frå eksportmarknaden. For investeringsvarer var det ein auke i eksportmarknaden, medan omsetninga innanlands gjekk noko ned.
Månadleg omsetningsstatistikk. Olje- og gassutvinning, bergverksdrift, industri og kraftforsyning. Oktober 2006 |
Råserier1Januar - oktober 06 | Endring i prosent Januar - oktober 05 - januar - oktober 06 | Råserier1Oktober 2006 | Endring i prosent Oktober 05 - oktober 06 | Endringstal i prosent. Sesongjustert Mai 06 - juli 06 - august 06 - oktober 06 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Totalomsetning | 1 181 763 | 23,1 | 125 373 | 14,0 | -4,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 463 136 | 21,4 | 45 961 | 3,1 | -11,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 590 814 | 24,0 | 68 742 | 27,6 | 0,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heimemarknad | 361 886 | 27,1 | 42 151 | 34,1 | -1,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eksportmarknad | 228 928 | 19,4 | 26 591 | 18,5 | 2,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 117 947 | 27,1 | 9 571 | -8,6 | -4,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 221 263 | 19,3 | 26 438 | 33,2 | 5,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 165 466 | 44,1 | 19 908 | 45,4 | 1,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 158 975 | 11,8 | 18 725 | 16,2 | 1,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 636 057 | 22,9 | 60 302 | - | -12,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Millionar kroner. |
Finn flere tall
Finn detaljerte tall fra Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Tilleggsinformasjon
Utviklingen i omsetningstall kan knyttes til volumendringer (produksjonsindeks), prisendringer (produsentprisindeks) samt produksjon til lager og salg fra lager.
Kontakt
-
Robert Skotvold
E-post: robert.skotvold@ssb.no
tlf.: 40 90 24 44
-
Anne Karin Linderud Haugen
E-post: anne.karin.linderud.haugen@ssb.no
tlf.: 91 88 19 76