Innhald
Publisert:
Statistikken blir frå 2014 publisert saman med Folkemengden.
Lågare folkevekst, men fortsatt høgt nivå
Det vil bu om lag 5 109 000 personar i Noreg 1. januar 2014. Folkeveksten for 2013 blir då på 57 800 personar. Dette er 7 600 lågare enn førre året, og den lågaste folkeveksten sidan 2007.
2013 | ||||
---|---|---|---|---|
Folkemengde 1. januar, endelige tall | Beregnet folketilvekst | Beregnet folkemengde 31. desember | Beregnet folketilvekst. Prosent | |
Hele landet | 5 051 275 | 57 769 | 5 109 044 | 1,1 |
Fredrikstad | 76 807 | 777 | 77 584 | 1,0 |
Bærum | 116 677 | 1 956 | 118 633 | 1,7 |
Oslo | 623 966 | 10 280 | 634 246 | 1,6 |
Drammen | 65 473 | 677 | 66 150 | 1,0 |
Kristiansand | 84 476 | 1 555 | 86 031 | 1,8 |
Sandnes | 70 046 | 1 939 | 71 985 | 2,8 |
Stavanger | 129 191 | 1 597 | 130 788 | 1,2 |
Bergen | 267 950 | 4 051 | 272 001 | 1,5 |
Trondheim | 179 692 | 2 425 | 182 117 | 1,3 |
Tromsø | 70 358 | 1 269 | 71 627 | 1,8 |
Ein folkevekst på 57 800 vil likevel vere om lag dobbelt så høg som han var i åra frå og med 1973 til og med 2003. Frå og med 2005 har folketalet i alt vakse med om lag 500 000 personar.
Nettoinnvandring frå utlandet utgjer høgst del av folkeveksten
68 prosent av folkeveksten i 2013 vil kome på grunn av innflyttingsoverskotet frå utlandet, medan 32 prosent kjem av fødselsoverskotet. Til samanlikning var det på midten av 1990-talet fødselsoverskotet som stod for den største parten av folkeveksten, med 70 prosent.
Totalt vil nettoinnvandringa frå utlandet vere på 40 200. Dette vil vere 7 000 lågare enn i 2012, og om lag 2 600 lågare enn gjennomsnittet for dei sju siste åra, men særs mykje høgare enn for åra fram til og med 2006. I tida fram mot 1970 var det tidvis nettoutvandring frå landet.
Eit fødselsoverskot på 17 600 vil vere 600 lågare enn i 2012, og det er lågare enn i åra sidan 2008, men noko høgare enn dei 20 åra før det. I nokre år på 1980-talet var talet særs lågt, og i 1985 ikkje høgare enn 6 800.
Framleis dei sentrale stroka som veks
Som vanleg held folkeveksten i dei store byane og sentrale områda fram. Om lag 60 prosent av veksten finn stad i Oslo, Akershus, Rogaland og Hordaland. Oppland vil ha ein høgare vekst i folketalet enn i 2012 (450 i staden for 100), medan Rogaland og Sør-Trøndelag vil ha ein vekst som er høvesvis 1 350 og 1 200 lågare enn førre året. Oslo veks med 10 300 personar (400 færre enn i 2012), Stavanger med 1 600 (100 færre enn i 2012), Bergen med 4 050 (100 færre enn førre året) og Trondheim med 2 400 (900 færre enn i fjor).
Om berekninganeÅpne og lesLukk
Berekningane er utførte for heile landet, fylka og kommunane. Folkevekst og folkemengd er berekna ut frå dei folkeregisteropplysningane om fødslar, dødsfall og flyttingar som var komne inn før 1. desember 2013. For desember 2013 er det i kvar einskild kommune rekna med om lag tilsvarande endringar i folkemengda som i desember 2012. Dersom mønsteret for flyttingar, fødslar og dødsfall i desember 2013 skulle vise seg å bli mykje ulikt det i desember året før, vil dei endelege tala for folkemengda 1. januar 2014 (og folkeveksten i 2013) avvike i samsvar med dei nye endringane.
For nokre kommunar vil difor berekna folketal 1. januar 2014 sjå ut som om ei utvikling er broten utan at det er tilfellet. Som regel vil dette gjelde små kommunar. Ein lyt difor, særleg for små kommunar, sjå på berekna tal som førebels informasjon.
Statistikken blir no publisert saman med Befolkning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42