Innhold
Publisert:
63 000 kroner per elevplass i grunnskolen
Ein elevplass i kommunal grunnskole kosta gjennomsnittleg 63 000 kroner i 2003. Dette er meir enn 4 000 kroner høgare enn kostnaden var året før. Grunnskoleopplæring, som omfattar grunnskolar, spesialskolar, skolefritidsordninga (SFO) og kulturskolar, stod gjennomsnittleg for ein tredel av samla netto driftsutgifter i kommunane.
Korrigerte brutto driftsutgifter til grunnskole, eller kostnaden per elevplass i vanleg kommunal grunnskole, låg på 63 171 kroner for landsgjennomsnittet utanom Oslo. Av dette gjekk 80 prosent til grunnskoleundervisning, og 20 prosent til skolelokale og skyss. Lønsutgiftene utgjorde 78 prosent av dei totale kostnadene per elevplass i grunnskolen.
Dei siste åra har elevtalet i grunnskolen gått opp, medan talet på årsverk har gått noko ned. I 2003 var det gjennomsnittleg 11,3 elevar per årsverk i kommunale og interkommunale grunnskolar, da er både årsverk til undervisningspersonale og assistentar medrekna.
Meir enn 130 000 barn i SFO.....
Det var 131 948 elevar i kommunal og privat SFO, dei aller fleste i alderen 6-9 år, per 1. oktober 2003. Rundt 74 prosent av elevane var 15 timar eller meir i veka i SFO. Gjennomsnittleg korrigerte brutto driftsutgifter per kommunal brukar låg på 19 227 kroner. SFO vert finansiert gjennom kommunale middel, statsstøtte og foreldrebetaling.
.....40 000 deltakarar i vaksenopplæring på grunnskolens område
Vaksenopplæring utgjer ein mindre del av utgiftene til kommunane. Vaksenopplæring på grunnskolen sitt område omfattar spesialundervisning, grunnskoleopplæring for vaksne, og norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Dei aller fleste, nærare 30 000, fekk norsk med samfunnskunnskap, medan 4 145 fekk grunnskoleopplæring for vaksne og nærare 7 000 fekk spesialundervisning. Gjennomsnittleg brutto driftsutgifter per deltakar i kommunal og privat opplæringsinstitusjon utanom Oslo låg på 48 462 kroner.
.....og nærare 105 000 elevar i kommunale kulturskolar
Hausten 2003 blei det registrert nærare 105 000 elevar i kommunale kulturskolar. Kulturskolane gir tilbod om musikkundervisning og undervisning innanfor andre kunst- og kulturområde. Gjennomsnittleg korrigerte brutto driftsutgifter låg i 2003 på 8 789 kroner per elev.
Tabeller:
- Tabell 1 Netto driftsutgifter per innbyggjar, netto driftsutgifter per innbyggjar 6-15 år og korrigerte brutto driftsutgifter per elev i kommunale grunnskolar i kroner, etter kommune. 2003
- Tabell 2 Elevar per årsverk og elevar per undervisningsrelatert årsverk i kommunal og interkommunal grunnskole. 1. oktober 2003
- Tabell 3 Elevar i kommunale og interkommunale grunnskolar, etter kommune. 1. oktober 2003
- Tabell 4 Netto driftsutgifter per innbyggjar, netto driftsutgifter per innbyggjar 6-15 år, korrigerte brutto driftsutgifter per brukar og brutto driftsutgiftar per brukar til skolefritidsordninga (SFO) i kroner, etter kommune. 2003
- Tabell 5 Elevar i kommunal og privat SFO, etter klassesteg, opphaldstid og kommune. 1. oktober 2003
- Tabell 6 Netto driftsutgifter per innbyggjar, netto driftsutgifter per deltakar og brutto driftsutgifter per deltakar til grunnskoleopplæring for vaksne i kroner, etter kommune. 2003
- Tabell 7 Talet på deltakarar i norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, grunnskoleopplæring for vaksne og spesialundervisning, etter kommune. 2003
- Tabell 8 Netto driftsutgifter per innbyggjar, netto driftsutgifter per innbyggjar 6-15 år og korrigerte brutto driftsutgifter per elev til kommunale musikk- og kulturskolar i kroner, etter kommune. 2003
- Tabell 9 Elevar i kommunale musikk- og kulturskolar, etter kommune. 1. oktober 2003
Statistikken publiseres nå sammen med Elevar i grunnskolen.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42