4 av 5 kommunar har tilbod om helsestasjon for ungdom
Publisert:
I 2017 hadde 80 prosent av alle kommunar anten eigen helsestasjon for ungdom eller så samarbeidde dei med andre kommunar om tilbodet. Flest små kommunar i mindre sentrale strøk manglar slike helsestasjonar.
- Tala er henta frå
- Kommunehelsetenesta
- Artikkelen er del av serien
- Kommunehelsetenesta (arkiv)
341 av 426 kommunar, eller 80 prosent, rapporterer via KOSTRA at dei har eit tilbod om helsestasjon for ungdom i 2017.
72 prosent av kommunane har tilbodet i eigen kommune, medan 8 prosent samarbeider med ein eller fleire kommunar om tilbodet. Kvar femte kommune har altså ikkje eit HFU-tilbod.
Fylkesvise forskjellar i tilbodet
Figur 1. Kommunar med tilbod om helsestasjon for ungdom (HFU). Fylke. 2017
Kommunar med HFU eller samarbeider om HFU | |
Nordland | 64 |
Møre og Romsdal | 69 |
Troms | 71 |
Finnmark | 74 |
Sør-Trøndelag | 76 |
Nord-Trøndelag | 78 |
Vest-Agder | 80 |
Rogaland | 81 |
Oppland | 81 |
Sogn og Fjordane | 81 |
Hordaland | 82 |
Hedmark | 86 |
Aust-Agder | 87 |
Buskerud | 90 |
Vestfold | 92 |
Oslo | 94 |
Østfold | 94 |
Telemark | 94 |
Akershus | 95 |
Medan 80 prosent av kommunane på landsnivå hadde eit tilbod om helsestasjon for ungdom, viser tala samstundes forskjellar mellom fylka. Dei tre nordlegaste fylka og Møre og Romsdal er fylka der delen kommunar med HFU-tilbod er lågast, medan Akershus og Telemark er fylka der delen kommunar som har tilbodet er høgast.
Færrast HFU-kommunar i minst sentrale strok
Figur 2 Kommunar med tilbod om helsestasjon for ungdom (HFU). Kommunesentralitet. 2017
Kommunar med HFU eller samarbeider om HFU | |
Minst sentrale kommunar | 72 |
Mindre sentrale kommunar | 76 |
Noko sentrale kommunar | 81 |
Sentrale kommunar | 89 |
Delen kommunar med eit tilbod om HFU aukar med stigande sentralitet. Delen kommunar som har tilbod om helsestasjon for ungdom, er lågast i minst sentrale kommunar og høgast i sentrale kommunar. Medan 72 prosent av kommunane har tilbodet i dei minst sentrale kommunane, er det om lag 90 prosent som har det i dei sentrale.
Færrast med HFU-tilbod i små kommunar
Figur 3. Kommunar med tilbod om helsestasjon for ungdom (HFU). Kommunestorleik. 2017
Kommunar med HFU eller samarbeider om HFU | |
Under 2000 innbyggjarar | 57 |
2000 - 4999 innbyggjarar | 69 |
5000 - 9999 innbyggjarar | 95 |
10000 - 19999 innbyggjarar | 100 |
20000 - 49999 innbyggjarar | 100 |
50000 eller flere innbyggjarar | 100 |
Målt etter kommunestorleik (innbyggjartal) viser tala at det er blant dei aller minste kommunane at færrast har tilbodet. Medan det var 57 prosent som rapporterte at dei hadde HFU i kommunar med under 2 000 innbyggjarar, hadde alle kommunar med over 10 000 innbyggjarar tilbodet. Prosentdelen kommunar med helsestasjon for ungdom aukar med aukande kommunestorleik.
Helsemyndigheitene tilrår små kommunar å etablera helsestasjon for ungdom på tvers av kommunegrensene for å få ei føremålstenleg drift og eit større fagmiljø. Tala viser at det i kommunar med under 2 000 innbyggjarar er 42 prosent som har tilbodet i eigen kommune, medan 15 prosent rapporterer at dei ikkje har eigen helsestasjon for ungdom, men samarbeider med ein eller fleire kommunar om tilbodet.
Nesten all ungdom er busett i kommunar med HFU-tilbod
Sjølv om kvar femte kommune manglar eit tilbod om helsestasjon for ungdom, viser grunnlagstala at heile 96 prosent av alle 13–20-åringar er busett i kommunar med eit HFU-tilbod. Dei resterande 4 prosentane 13–20-åringar, som er busett i kommunar der det ikkje finst eit tilbod, er alle busett i kommunar med under 10 000 innbyggjarar.
Ei forklaring på at det er flest små kommunar i minst sentrale strok som manglar tilbodet, kan vera vanskar med tilgang til relevant helsepersonell med kompetanse innanfor førebygging. Ei anna forklaring kan vera at store reiseavstandar i kommunar med spreidd busetjing gjer det mindre aktuelt for ungdommen å nytta seg av tilbodet der. I tillegg kan dårleg kommuneøkonomi føra til at kommunar vel å nedprioritera tilbodet til fordel for andre lovpålagte tenester.
Kartlegginga frå 2017 er første gong ein har ein oversikt over kommunar med og utan HFU-tilbod. Helsemyndigheitene uttalar at alle ungdommar bør har eit kommunalt helsestasjonstilbod. Den nye kartlegginga gjer det mogleg å følgja utviklinga av dette tilbodet til ungdommar i tida som kjem. Eit tiltak for styrka arbeidet til kommunane arbeid med Helsestasjon for ungdom er Nasjonal fagleg retningsline for helsestasjon for ungdom, som blei publisert 2017.
Faktaside
Kontakt
-
Trond Ekornrud
-
Merete Thonstad
-
SSBs informasjonstjeneste