Notater 2020/24
Årsrapport 2018-2019. Kontaktutvalet for helse- og omsorgsstatistikk og sosialstatistikk
- Publikasjonen er en del av serien
- Årsrapport. Kontaktutvalget for helse- og sosialstatistikk
Notatet gjer greie for verksemda i Kontaktutvalet for helse- og omsorgsstatistikk og sosialstatistikk i 2018 og 2019.
Det inkluderer avtalen til utvalet, mandat og representasjon (kapittel 1), aktiviteten i utvalet (kapittel 2), oversikt over arbeidsgruppene som rapporterer til utvalet (kapittel 3) og sakene i utvalet i 2018 og 2019 (kapittel 4).
Avtalen til utvalet, mandat og representasjon blei drøfta og endra i 2013, og har i all hovudsak vore uendra i 2018-19. Avtalen er vedlagt notatet (jf. Vedlegg A). Bufdir kom inn som ordinært medlem i 2019 (jfr. Vedlegg B)
Utvalet sin aktivitet i 2018-2019 bestod av sju -7- møte haldne i mars, mai, september og november i 2018, samt mars, mai og september i 2019. Til møta blei det utarbeidd referat som alle er godkjente (jf. Vedlegg C-I).
Arbeidsgruppene som rapporterer og soknar til utvalet er uendra frå 2016 og har vore uendra i ei årrekkje. Dei aktuelle arbeidsgruppene har anten utspring i spesialisthelsetenesta eller i KOSTRA (Kommune-stat-rapporteringa).
Sakene i utvalet for 2018-2019 omhandla fleire tema. Av dei som kan trekkjast fram er Bufdir si utvikling av DigiBarnevern, som mellom anna vil innebere eit nytt rapporteringssystem for dei kommunale barnevernstenestene. Helsedirektoratet har også orientert om eit nytt Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR). Ny lov om offisiell statistikk og statistikkprogrammet, som er under etablering, har vore omtalt på fleire møter i utvalet. Microdata.no vart også synt fram på møte i Kontaktutvalet.
På alle møta var ulike forvaltningseiningar representerte og fleire bidrog med å kaste lys over dei ulike sakene som vart handsama.
Om publikasjonen
- Tittel
-
Årsrapport 2018-2019. Kontaktutvalet for helse- og omsorgsstatistikk og sosialstatistikk
- Ansvarlig
-
Unni Beate Grebstad
- Serie og -nummer
-
Notater 2020/24
- Utgiver
-
Statistisk sentralbyrå
- Emne
-
Metoder og dokumentasjon
- ISBN (elektronisk)
-
978-82-587-1139-8
- ISSN
-
2535-7271
- Antall sider
-
54
- Om Notater
-
I serien Notater publiseres dokumentasjon, metodebeskrivelser, modellbeskrivelser og standarder.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste