Tannhelse
Dårlegast tannhelse i Nord-Noreg
Publisert:
Befolkninga i dei tre nordlegaste fylka har dårlegare tannhelse enn folk i resten av landet. Dei som bur i Nord-Noreg går dessutan sjeldnare til tannlegen, men har likevel flest tannlegebesøk på grunn av akutte problem.
Dette er nokre av resultata i ein ny rapport om tannhelse der SSB presenterer utvalde kjenneteikn ved tannhelsa og tannhelsetenesta i Noreg. Rapporten baserer seg hovudsakleg på tal frå KOSTRA (Kommune-Stat-Rapporteringen) og Levekårsundersøkinga om helse, omsorg og sosial kontakt.
Dei busette i Nord-Noreg har dårlegast tannhelse
Levekårundersøkinga har kartlagd eigenvurdert helse over fleire år og vist at det er klare geografiske forskjellar. Dei busette i Nord-Noreg har gjennomgåande dårlegare helsetilstand enn dei som er busette i andre delar av landet. Tal frå levekårsundersøkinga i 2008 viser at dette også gjeld for tannhelsetilstanden. Medan 8 prosent av befolkninga over 21 år i heile landet har dårleg eller svært dårleg tannhelse, gjeld dette 11 prosent i dei tre nordlegaste fylka. Lågast del har dei som er busette i landsdelane Agder og Rogaland og Vestlandet.
Går sjeldnare til tannlege
I tillegg til å ha dårlegare tannhelse går dei busette i Nord-Noreg sjeldnare til tannlegen. Berre 63 prosent av dei busette i den nordlegaste landsdelen i alderen 21 år eller eldre hadde i 2008 besøkt tannlegen i dei siste tolv månadene. Dessutan var det 17 prosent av befolkninga i Nord-Noreg som ikkje hadde vore hos tannlege på meir enn to år. Til samanlikning var tilsvarande delar høvesvis 75 prosent (siste 12 månader) og 11 prosent (meir enn to år sidan) for heile landet.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste