Heildøgnstilbod for eldre i pleie og omsorg
Heildøgnstilbod i pleie og omsorg for eldre med uendra dekningsgrad
Publisert:
Førebelse tal for 2010 tyder på at det kom 400-500 fleire plassar i sjukeheimar, medan det var om lag 200 færre plassar i aldersheimar. Dette kompenserer akkurat auken i innbyggjarar 80 år og over, slik at dekningsgraden i plassar for aldersgruppa er uendra på knapt 19 prosent.
Det er no totalt 41 313 plassar fordelte på 996 sjukeheimar og aldersheimar, mot 41 071 plassar og 997 institusjonar i 2009.
I tillegg til nye institusjonar kjem noko av auken av at ein har teke med fleire plassar frå private institusjonar som også sel plassar til kommunane, og at det i større grad enn tidlegare er presisert at plassar som ikkje er i drift også skal rapporterast. Vidare har nokre institusjonar blitt endra frå aldersheimar til sjukeheimar.
21 000 bebuarar i heildøgns bustad
Samstundes viser tala for bebuarar i bustader med bemanning heile døgnet ein auke på vel 5 prosent, til 21 000. I underkant av 40 prosent 1 av desse bebuarane er 80 år eller over, og slike bustader er dermed viktig 1 i forhold til eit heildøgns tilbod for dei eldre.
Tala i tabellen under erstattar tilsvarande tal i Statistikkbanken.
Tala for 2010 har status som ureviderte. Nye tal blir publiserte i KOSTRA 15. juni 2011. |
1 | Tall og tekst ble rettet 29. april 2011 |
Tabeller:
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste