Helsestatistikk og styringsdata går hand i hand

Publisert:

SSB produserer offisiell helsestatistikk på ulike område. Sentrale helsemyndigheiter ønskjer gode styringsdata om helsetenester og helseforhold. Kontaktutvalet for helse- og omsorgsstatistikk og sosialstatistikk tek sikte på å samordne behov for informasjon om helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta.

Dei siste åra har kontaktutvalet hatt fleire typar av saker på dagsorden innanfor ramma av det som er føremålet med arbeidet til utvalet. Arbeid med utvikling og publisering av kvalitetsindikatorar for helse- og omsorgstenester, internasjonal rapportering av data og statistikk, og folkehelse og folkehelsearbeid er tre tema som er via mykje tid, og som har vore behandla særskilt. Eit siste tema i den same kategorien er arbeid med oppdatering og revisjon av avtalen som ligg til grunn for arbeidet i utvalet. Ei ny utgåve av avtalen frå 2003 blei underteikna av avtalepartane i 2013.

Arbeidet med kvalitetsindikatorar er mangslunge og mødesamt…

Arbeidet med å definere gode kvalitetsindikatorar for helse- og omsorgstenesta er mødesamt, og arbeidet skjer ikkje berre i SSB-regi. Til dømes arbeider Helsedirektoratet med eit nasjonalt kvalitetsindikatorsystem som er forankra i blant anna helse- og omsorgstenestelova, medan Kommunesektorens organisasjon (KS) har hyra inn ekspertise som har føreslått nye mål for kvalitet i kommunar.

Det er elles utvikla fleire kvalitetsindikatorar gjennom KOSTRA-samarbeidet (Kommune-stat-rapporteringa), der indikatorane er godt forankra hos sentrale helsemyndigheiter så vel som hos rapportørane i fylkeskommunar, kommunar og bydelar. Indikatorane seier noko om ressursar og kompetanse (strukturkvalitet), rutinar (prosesskvalitet), tenesteinnhald (produktkvalitet) og dekning av brukarbehov (resultatkvalitet).

…men gode indikatorar kan gi mykje informasjon om tenesta

Når det gjeld kvalitetsindikatorar på helse- og omsorgsområdet som blir publiserte i KOSTRA, finst det i alt 10 indikatorar knytt til det som tidlegare blei omtalt som kommunehelsetenesta og pleie- og omsorgstenesta. Legetimar per veke per bebuar i sjukeheim og fysioterapitimar per veke per bebuar i sjukeheim er døme på indikatorar som seier noko om ressursane som er tilgjengelege. Det er rett nok relativt store variasjonar mellom kommunar og etter ulike geografiske storleikar, men det er likevel grunn til å sjå korleis utviklinga har vore på landsnivå sidan 2009, slik figur 1 viser.

Figur 1

Resursbruk per bebuar, etter teneste

Delen plassar i einerom i pleie- og omsorgsinstitusjonar og delen plassar i brukartilpassa einerom med eiga bad/wc er på si side døme på indikatorar som går lenger i å måle innhald i tenesta og dekning av brukarbehov. Også her er det slik at landstal dekkjer over geografiske forskjellar på lågare nivå, men tala gir eit bilete av korleis utviklinga har vore over tid, til dømes i tidsrommet rundt innføringa av samhandlingsreforma 1. januar 2012. Dette kjem fram i figur 2.

Figur 2

Plassar på institusjon, etter einerom og tilpassing

Folkehelse er eit viktig tema i samhandlingsreforma…

Med samhandlingsreforma i helsetenesta er behovet for meir informasjon om folkehelse, folkehelsetilstand og førebygging av uhelse aukande. Helsedirektoratet har til dømes fått i oppdrag å utvikle eit rapporteringssystem over faktorar som påverkar helse og sosiale forskjellar i helse, der utgangspunktet er at folkehelsearbeid har eit bredt samfunnsperspektiv og blir utført på fleire område enn akkurat i helse- og omsorgssektoren.

SSB samarbeider med fleire partar om å kartleggje folkehelsearbeid gjennom KOSTRA, og har forsøkt å ivareta omsynet til at folkehelsearbeid går på tvers av sektorar og område i KOSTRA. Det inneber til dømes at spørsmål knytt til godkjenning av barnehagar og skular etter folkehelseloven er til behandling i arbeidsgrupper som dekkjer utdanning- og skuletemaa i KOSTRA, medan kartlegging av folkehelse i kommunalt planverk er til behandling i arbeidsgruppa for fysisk planlegging, kulturminner, natur og nærmiljø.

…og det finst noko kunnskap allereie

Gjennom KOSTRA-skjema 1 Personell og verksemd i den kommunale helse- og omsorgstenesta blir nokre folkehelserelaterte tema kartlagde. I 2013 var det blant anna eit utvida spørsmålsbatteri som tok sikte på å skaffe til vegar eit enno betre kunnskapsgrunnlag om frisklivssentralar i kommunar og bydelar.

Sjølv om frisklivssentralar ikkje er eit lovpålagt tenestetilbod, har helsemyndigheitene produsert rundskriv med informasjon og anbefalingar. Kartlegginga i KOSTRA viste blant anna at det er relativt store fylkesvise forskjellar i førekomst av frisklivssentralar, slik det kjem fram i figur 3.

Figur 3

Kommunale frisklivssentraler, etter fylke. 2013

Noreg har ei rekkje forpliktingar i samband med internasjonal rapportering…

Medlemmene av kontaktutvalet er involverte i internasjonal rapportering, og da primært i data- og statistikkleveransar til statistikkbyrået i EU ( Eurostat) og til OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling). Forutan SSB gjeld det blant anna Helsedirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Nasjonalt folkehelseinstitutt og Kunnskapssenteret for helsetenesta, som har delteke på fleire møte i utvalet, spelar òg ei rolle med omsyn til internasjonal rapportering eller analysar.

SSB koordinerer rapporteringa av OECD Health Data og Joint Questionnaire og bidreg til OECD si publisering av Health at a Glance. Helsedirektoratet representert ved Norsk pasientregister er ein viktig bidragsytar i rapporteringa som gjeld data om spesialisthelsetenester. SSB og Helsedirektoratet er elles begge representerte i redaksjonskomiteen for Nordisk Medicinalstatistisk Komité (NOMESKO), medan SSB og Arbeids- og sosialdepartementet koordinerer arbeidet i Nordisk Socialstatistisk Komité (NOSOSKO).

…og mykje tydar på at vi kjem godt ut av internasjonale samanlikningar

I fleire samanhengar viser det seg at vi i Noreg kjem heldig ut av samanlikningar med andre land. Eit mål som seier noko om kor lenge vi kan forvente å leve med god helse (Healthy life years eller HLY), viser blant anna at norske kvinner og menn har ein HLY på høvesvis 70,4 år og 71,9 år, Som figur 4 viser, er dette betrakteleg høgare enn tilsvarande tal for gjennomsnittet i EU.

 Figur 4

HLY, etter kjønn og land. 2012

Kva for rolle vil utvalet spele i åra som kjem?

Kontaktutvalet for helse- og omsorgsstatistikk og sosialstatistikk opererer i omgivnader som ber preg av skiftande informasjonsbehov, store datamengder og mange interessentar. Utvalet vil difor framover måtte fortsette arbeidet med å samordne og koordinere produksjon av offisiell statistikk og behov for styringsdata. Etter alt å dømme vil utvalet òg i 2015 vere ein arena for informasjon og diskusjon av internasjonal rapportering, kvalitetsindikatorar og folkehelse, men det er grunn til å tru at andre tema og problemstillingar kjem opp på agendaen til dømes som følgje av at samhandlingsreforma har fått meir fotfeste og har kome lenger i iverksettinga.

Kontakt