Notater 2010/11

Rapport til Helse- og omsorgsdepartementet

Kartlegging av datakjelder for barn og unges miljø og helse

Rapporten Kartlegging av datakjelder for barn og unges miljø og helse viser eit oversyn over moglege datakjelder og indikatorar som kan innlemmast i eit framtidig statistikksystem som skal omhandle barn og unges miljø og helse. Rapporten tek utgangspunkt i regjeringa sin Nasjonal strategi for barn og unges miljø og helse 2007- 2016. Strategien er eit samarbeid mellom åtte departement og konkretiserer fem målområde:

• Sikre trygg vassforsyning og gode sanitære forhold for alle barn og unge

• Førebyggje skadar og ulukker og fremje fysisk aktivitet m.a. gjennom transportsystem som fremjar tryggleik og framkomst

• Sikre at barn og unge har rein luft inne og ute

• Beskytte barn, unge og gravide mot helse- og miljøfarlege stoff, støy og andre miljøfarar

• Redusere risikoen for sjukdom på grunn av sosiale miljøfaktorar Måla skal oppnåast gjennom fem satsingsområde:

• Betre overvaking av miljøfaktorar som påverkar barn og unges helse

• Betring av barn og unges bu- og nærmiljø

 • Betring av miljøet i skular og barnehagar

 • Beskytte barn og unge mot helse- og miljøfarlege stoff

 • Større deltaking og gjennomslag for barn og unge i offentlege avgjerslesprosessar

Rapporten freistar å dokumentere datakjelder og indikatorar som kan vere relevante og danne grunnlag for eit komande indikatorsett/statistikksystem. For kvar relevant datakjelde har ein freista å dokumentere: datakjelde, referanse (publikasjon eller lenkje til statistikk, årgangar i eksisterande tidsserie, aldersgruppe av barn (0-20 år mogleg eller anna inndeling), lågaste geografiske eining publisert, framtidige publiseringsplanar, mogleg å endre til barn som eining, relevans til strategien. Relevansen til strategien er dokumentert ved å lenkje dei ulike datakjeldene opp mot målsetjingane og satsingsområda i strategien. I tillegg har FHI si Kunnskapsoppsummering om barns helse og miljø (rapport 2006:3) vore nytta. Både tidlegare og samtidig internasjonalt arbeid på området er også teke med og teke høgde for i vurderingane. I kapittel 2 er det laga ein tabell med oversyn over indikatorar som er vurderte som moglege å ta med i eit statistikksystem. Rapporten presenterer indikatorar innanfor temaa luftkvalitet, mattryggleik, kjemikalietryggleik, vatn og sanitære forhold, mobilitet og transport, buforhold, UV- og radonstråling og arbeidsulukke- og yrkesskadar. I kapitla 3 og 4 drøftar ein indikatorar og faktorar som påverkar barn og unges miljø og helse meir inngåande. Kapittel 5 refererer til relevant internasjonalt arbeid i WHO, OECD og Eurostat. Kartleggingsrapporten kjem med bakgrunn i dette med følgjande anbefalingar for det vidare arbeidet med utviklinga av eit statistikksystem for barn og unges miljø og helse:

• Eit endeleg indikatorsett som skal framstillast bør bli publisert og oppdatert kvart 3. år for best mogleg å kunne peike på endringar over tid. Ei publisering kvart tredje år gir òg betre moglegheit for tilgang til fleire nye data høvesvis om ein publiserer kvart 2. år.

• Datakjeldene som skal nyttast bør vere landsrepresentative.

• Val av formidlingskanal og publiseringsløysing bør kome på plass tidleg i neste fase av prosjektet for å kunne etablere eit godt statistikksystem frå og med 2010.

• Dersom det er ønskjeleg at SSB tek ansvar for framstilling av eit indikatorsett kan presentasjon for barn og unge på SSB si nettside vere eit alternativ. Eit anna alternativ kan vere produksjon av ein papirpublikasjon kvart 2. eller 3. år, til dømes i SSB sin serie Statistiske analyser.

• I det vidare arbeidet med utvikling av eit indikatorsett anbefaler SSB at ein bør ha som mål at indikatorane skal vere internasjonalt samanliknbare.

Om publikasjonen

Tittel

Kartlegging av datakjelder for barn og unges miljø og helse. Rapport til Helse- og omsorgsdepartementet

Ansvarlige

Julie Kjelvik, Trond Ekornrud

Serie og -nummer

Notater 2010/11

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Emne

Metoder og dokumentasjon

ISBN (elektronisk)

978-82-537-7840-2

ISBN (trykt)

978-82-537-7839-6

Antall sider

44

Målform

Nynorsk

Om Notater

I serien Notater publiseres dokumentasjon, metodebeskrivelser, modellbeskrivelser og standarder.

Kontakt