Rapporter 2015/40
Ein sosioøkonomisk analyse av vaksne mottakarar av folketrygdrefusjonar
Utgifter til behandling hos tannlege
- Publikasjonen er en del av serien
- Utgifter til behandling hos tannlege
Alder og behandlingsbehov har størst betyding for kven som mottar refusjonar frå folketrygda ved tannbehandling.
Det er ein høgare del som mottar tannhelserefusjonar blant stønadsmottakarar og blant personar med låg utdanning samanlikna med resten av den vaksne befolkninga. Samstundes er det ein lågare del som mottar refusjonar blant personar med låg inntekt samanlikna med dei som ikkje har låg inntekt. Dei gjennomsnittlege refusjonsbeløpa per behandla pasient er likevel høgare i alle grupper med låg sosioøkonomisk status samanlikna med grupper med høgare sosioøkonomisk status.
Stønad til 15 sjukdomstilstandar
Tannhelsetenesta i Noreg er todelt mellom offentleg og privat sektor. Den vaksne befolkninga over 21 år skal i utgangspunktet betale for behandling hos tannlege og tannpleiar sjølve. Folketrygda gir likevel heil eller delvis økonomisk støtte til personar med særlege tannbehandlingsbehov. I 2014 var det 15 ulike lidingar og sjukdomstilstandar, såkalla innslagspunkt, som gav rett til refusjon frå folketrygda for undersøking og tannbehandling.
Tannhelserefusjonane skal ideelt sett fordelast etter behovet til pasienten. Det betyr at tannhelserefusjonane skal fordelast uavhengig av sosioøkonomiske og regionale faktorar. Desse faktorane kan likevel tenkjast å påverke korleis refusjonane blir fordelt i den vaksne befolkninga. Årsaka til det er at personar med høg utdanning og inntekt er vist å gå oftare til tannlege, ha betre eigenvurdert tannhelse og tannstatus, og eit mindre udekt behov for tannlegetenester enn personar med lågare utdanning og inntekt. Sidan tannhelsa er dårlegare blant personar med låg utdanning og låg inntekt, kan det tenkjast at desse løyser ut fleire og høgare tannhelserefusjonar frå folketrygda enn kva som er tilfelle for dei med høg utdanning og høg inntekt. På den andre sida er det berre dei som oppsøkjer tannhelsetenesta som vil kunne nytte seg av trygderefusjonsordninga.
Alder den sterkaste forklaringsfaktoren blant dei som besøker tannlegen
Resultata i rapporten viser at alder er ein svært viktig faktor for å forklare kven som mottar tannhelserefusjonar. Ulikt behandlingsbehov i ulike aldersgrupper ser ut til å vere ein viktig årsak til delen som mottar tannhelserefusjonar i ulike aldersgrupper. Resultata i rapporten viser elles at det er skilnader mellom mottakarane av tannhelserefusjonar langs sosioøkonomiske og regionale bakgrunnskjenneteikn.
Sidan det ikkje finst opplysningar i den studerte populasjonen om tannhelsetilstand, bruken av tannlegetenester og udekt behov for tannhelsetenester, er det likevel ikkje mogleg å vurdere om delen som tok imot refusjonar i ulike sosioøkonomiske og regionale grupper samsvarer med det faktiske behovet i dei ulike gruppene. Høgare gjennomsnittlege refusjonsutbetalingar per person i grupper med låg sosioøkonomisk status og som bur i mindre sentrale strok, indikerer likevel at behovet for tannbehandling er høgare i desse gruppene enn i resten av den vaksne befolkninga.
Om publikasjonen
- Tittel
-
Utgifter til behandling hos tannlege. Ein sosioøkonomisk analyse av vaksne mottakarar av folketrygdrefusjonar
- Ansvarlige
-
Trond Ekornrud, Othilde Skjøstad, Inger Texmon
- Serie og -nummer
-
Rapporter 2015/40
- Utgiver
-
Statistisk sentralbyrå
- Oppdragsgiver
-
Helse- og omsorgsdepartementet
- Emne
-
Helsetjenester
- ISBN (elektronisk)
-
978-82-537-9221-7
- ISBN (trykt)
-
978-82-537-9220-0
- ISSN
-
1892-7513
- Antall sider
-
55
- Målform
-
Nynorsk
- Om Rapporter
-
I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.
Kontakt
-
Trond Ekornrud
-
Othilde Skjøstad
-
Inger Texmon
-
SSBs informasjonstjeneste