10461_not-searchable
/helse/statistikker/speshelserus/aar
10461
Flest menn i rusbehandling
statistikk
2009-06-18T10:00:00.000Z
Helse
no
speshelserus, Spesialisthelsetjenesten, rusbehandlingHelsetjenester, Helse
true

Spesialisthelsetjenesten, rusbehandling2008

Innhold

Publisert:

Flest menn i rusbehandling

Av alle innleggingar til døgnplassar for rusbehandling i 2008 stod menn for 70 prosent. Skilnaden mellom menn og kvinner er noko mindre for dei under 24 år.

Talet på døgnplassar i rusbehandling har gått ned med om lag 2 prosent frå 2007 til 2008. Polikliniske konsultasjonar har auka med 30 prosent i den same perioden. Noko av veksten kan forklarast med at nokre av desse konsultasjonane tidlegare blei registrerte innanfor psykisk helsevern. Tvangsinnleggingar utgjorde 3 prosent av alle innleggingar i 2008.

Tabeller: