Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire menn over 45 år let seg sterilisere
I alt 8 177 personar let seg sterilisere i 1999. Av desse var 3 416 menn og 4 761 kvinner. Dette er 279 fleire menn og 79 fleire kvinner enn i 1998.
Talet på steriliseringar per år er på veg opp etter 1995, då det var nede i 7 222 tilfelle. Tre av fem som let seg sterilisere i 1999, var kvinner.
Fleire menn over 45
Det er stadig fleire menn over 45 år som veljer sterilisering. I 1999 var auken på 14,2 prosent samanlikna med 1998. Det er likevel aldersgruppa 35-44 år som har flest steriliseringar.
Blant kvinner er det flest steriliseringar i alderen frå 30 til 44 år.
Dei fleste steriliseringane vert utførte poliklinisk. I 1999 vart om lag 2 prosent av mennene og 32 prosent av kvinnene innlagde på sjukehus. Til samanlikning vart vel 36 prosent av kvinnene lagde inn på sjukehus i samband med sterilisering i 1998.
Fordelinga etter fylke byggjer på kvar steriliseringa vart utført, og ikkje på bustadfylke til den steriliserte. Dette er ikkje ei prioritert behandling frå helsevesenet, og det vert difor ikkje gitt nokon ventelistegaranti. Den som vil sterilisere seg, kan få utført inngrepet i eit anna fylke enn der vedkomande bur. Fylkestal for utførte steriliseringar per 1 000 innbyggjarar kan difor vere unøyaktig.
Flest steriliseringar i Telemark og Agder
Gruppert etter behandlingsfylke er det Telemark og Agder-fylka som ligg høgst på steriliseringsstatistikken regna per 1 000 innbyggjarar i den aktuelle aldersgruppa. Dette er det same som 1998. Vestfold har den lågaste steriliseringsraten, med Østfold og Oslo like bak.
Steriliseringar er regulerte ved lov av 3. juni 1977. Personar som har fylt 25 år kan sjølve krevje sterilisering. Personar under 25 år kan verte steriliserte under visse vilkår, til dømes ved arveleg sjukdom og fare for liv og helse ved svangerskap og fødsel.
Tabeller:
- Tabell 1 Steriliseringar blant menn og kvinner i ulike aldersgrupper. 1984-1999
- Tabell 2 Steriliseringar per 1 000 menn og kvinner i ulike aldersgrupper. 1985-1999
- Tabell 3 Steriliseringar, etter kjønn, alder og behandlingsfylke. 1999
- Tabell 4 Utførte steriliseringar, etter behandlingsform, kjønn og behandlingsfylke. 1999
- Tabell 5 Utførte steriliseringar, etter behandlingsform, kjønn og alder. 1998
- Tabell 6 Utførte steriliseringar, etter årsak/avgjerd, kjønn og alder. 1999
- Tabell 7 Utførte steriliseringar, etter avgjerd, årsak, kjønn og alder. 1999
- Tabell 8 Utførte steriliseringar per 1 000 innbyggjarar i aktuell alder, etter fylke. 1999 (rettet 16.10.00)
- Tabell 9 Steriliseringar per 1 000 innbyggjarar 15-59 år, etter kjønn. 1985-1999
- Tabell 10 Utførte steriliseringar, etter kjønn og fødselsår. 1999
- Tabell 11 Steriliseringar per 1 000 menn og kvinner i ulike aldersgrupper, etter fylke. 1999
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42