Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stabilt tal på steriliseringar
I 2001 vart 7 812 personar steriliserte, 3 160 menn og 4 652 kvinner. Dette var 84 færre menn og 140 fleire kvinner enn året før.
Talet på steriliseringar per 1 000 innbyggjarar har halde seg stabilt dei siste åra. I 2001 var det 2,5 menn og 3,8 kvinner per 1 000 innbyggjarar som steriliserte seg.
Sterilisering etter alder
Om lag to tredjedelar av alle som steriliserer seg er i alderen 35-45 år. 6 av 1 000 menn og 5,3 av 1 000 kvinner mellom 35 og 40 år steriliserte seg i 2001, medan dei tilsvarande tala for aldersgruppa 40-44 år var 5,7 per 1 000 menn og 11 per 1 000 kvinner.
Fylkesvise skilnader
Fordelinga etter fylke byggjer på kvar steriliseringa vart utført og ikkje på bustadfylket til den steriliserte. Sterilisering er ikkje ei prioritert behandling frå helsevesenet si side, og det vert difor ikkje gitt nokon ventelistegaranti. Den som vil sterilisere seg, kan få utført inngrepet i eit anna fylke enn der vedkommande bur. Fylkestala for utførte steriliseringar per 1 000 innbyggjarar kan difor vere noko villeiande.
Gruppert etter behandlingsfylke vart det gjort flest steriliseringar på menn sett i høve til folketalet i Hedmark og Telemark, mens det relativt sett var Nord-Trøndelag som hadde flest steriliseringar av kvinner i 2001.
Tabeller:
- Tabell 1 Steriliseringar blant menn og kvinner i ulike aldersgrupper. 1985-2001
- Tabell 2 Steriliseringar per 1 000 menn og kvinner i ulike aldersgrupper. 1985-2001
- Tabell 3 Steriliseringar, etter kjønn, alder og behandlingsfylke. 2001
- Tabell 4 Steriliseringar per 1 000 menn og kvinner i ulike aldersgrupper, etter fylke. 2001
- Tabell 5 Utførte steriliseringar, etter behandlingsform, kjønn og behandlingsfylke. 2001
- Tabell 6 Utførte steriliseringar, etter behandlingsform, kjønn og alder. 2001
- Tabell 7 Utførte steriliseringar, etter årsak/avgjerd, kjønn og alder. 2001
- Tabell 8 Utførte steriliseringar, etter avgjerd, årsak, kjønn og alder. 2001
- Tabell 9 Steriliseringar per 1 000 innbyggjarar i aktuell alder, etter kjønn. 1985-2001
- Tabell 10 Utførte steriliseringar, etter kjønn og fødselsår. 2001
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42