14998_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/hurtigruta/kvartal
14998
Færre passasjerer på Hurtigruta
statistikk
2004-02-03T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
hurtigruta, Hurtigruten Bergen-KirkenesSjøtransport, Transport og reiseliv
true

Hurtigruten Bergen-Kirkenes4. kvartal 2003

Innhald

Publisert:

Færre passasjerer på Hurtigruta

89 535 passasjerar reiste med Hurtigruta 4. kvartal i fjor, ein nedgang på 15 prosent i forhold til 4. kvartal 2002. Samanlikna med rekordåret 2002, gjekk talet på passasjerar i 2003 ned med 3,5 prosent.

Denne statistikken har opphørt, og fortsetter delvis under havnestatistikken.


Oktober, november og desember i 2003 viste ein nedgang på høvesvis 13, 16 og 17 prosent samanlikna med same periode året før. I oktober var det ein særs stor nedgang på reisande sørover med over 20 prosent, medan talet på reisande nordover i same månad gikk ned med 6,5 prosent. For november og desember var nedgangen meir jamt fordelt på nord- og sørgåande rute.

Det var i 1. og 4. kvartal i fjor at talet på passasjerar gikk ned i forhold til same periodar i 2002. I 1. kvartal var det 7 prosent færre passasjerar, og i 4. kvartal 15 prosent færre passasjerar. Derimot viste 2. kvartal 2003 ein svak auke på 2,5 prosent, medan talet på passasjerar i 3. kvartal 2003 var om lag uendra frå 2002.

Med unntak av Bergen, Geiranger, Harstad og Kirkenes opplevde alle anløpshamner ein nedgang i talet på passasjerar frå 2002 til 2003. I Bergen var det 4,2 prosent fleire passasjerar i 2003 samanlikna med 2002, og i Kirkenes var det 8,8 prosent fleire passasjerar. Trondheim og Tromsø opplevde ein svak nedgang med høvesvis 2,3 og 1 prosent i 2003 i forhold til rekordåret 2002.

Tabeller: