SSB analyse 2019/01: Gåver til frivillige organisasjonar
Flest eldre kvinner gir pengegåver
Publisert:
I 2016 blei 3,2 milliardar kroner gitt i pengegåver der givaren fekk skattefrådrag. Det er flest kvinner i 70-åra som gir slike gåver. Givargleda ser ut til å vere størst på Vestlandet, og store humanitære organisasjonar får mest.
- Tala er henta frå
- Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger
- Artikkelen er del av serien
- SSB analyse, 2019
Det har vore ein jamn auke talet på personar som gir pengegåver til organisasjonar der givaren har rett på skattefrådrag. Sidan ordninga vart innført i 2003, har talet på personar 17 år og eldre som gir slike gåver med skattefrådrag, auka frå 8 prosent i 2003 til 17 prosent i 2016. Tal frå skattelikninga viser at det blei gitt slike gåver til ein verdi av 3,2 milliardar kroner i 2016 med rett på skattefrådrag. Sidan 25 prosent av gåvebeløp mellom 500 og 25 000 kroner kunne trekkast frå ved skattelikninga, vart nærare 800 millionar kroner gitt tilbake til gåvegivarane i form av redusert skatt i 2016. Gåvebeløp under 500 kroner og over 25 000 kroner gir ikkje gir rett på skattefrådrag, og inngår såleis ikkje i dette beløpet.
Men kven er det som gir slike gåver, og kor mykje er det vanleg å gi?
I denne artikkelen ser vi nærare på bakgrunnen til dei som bidrar med pengegåver til ulike frivillige organisasjonar, trussamfunn, misjonsforeiningar med vidare, til dømes med omsyn til kjønn, alder, utdanning og økonomi. Vi ser og på kor i landet det er mest vanleg å gi slike gåver, og kva organisasjonar som får mest, både i sum og per givar.
Få gir maksimumsbeløpet
I 2016 var det 730 000 personar 17 år og eldre som gav pengegåver til ein eller fleire av dei allereie nemnte organisasjonane som Skatteetaten godkjenner som mottakarar av slike gåver. Dette talet omfattar også dei som ikkje fekk godkjent skattefrådraget fordi dei ikkje nådde minimumsbeløpet på 500 kroner. Reknar ein med gåvene til dei som anten betalte inn for mykje eller for lite til å få skattefrådraget, aukar summen av gåver til nær 3,5 milliardar kroner i 2016.
I 2016 var 25 000 kroner det største beløpet ein kan gi innanfor ordninga med skattefrådrag. I 2017 auka maksimumsbeløpet til 30 000 kroner og vidare til 40 000 kroner i 2018. Det er likevel få som gir det maksimale beløpet i gåve. I 2016 var det berre 2 prosent av alle gåvegivarane som gav så mykje. Dei langt fleste nøyer seg med å gi mindre enn dette.
Om lag ein tredjedel av alle som gir, skjenker mellom 1000 og 3000 kroner, og 90 prosent held seg under 10 000 kroner. Det er relativt sett nokre fleire menn enn kvinner som gir det maksimale gåvebeløpet, men skilnaden er liten. Det er i tillegg om lag 4 prosent som nøyer seg med ei gåve under minimumsbeløpet på 500 kroner og som dermed går glipp av skattefrådraget.
Figur 1. Personar 17 år og eldre som gir gåver til frivillige organisasjonar, etter storleik på gåva. 2016
Alle | Kvinner | Menn | |
Under 500 kroner | 4.2 | 4.0 | 4.5 |
500–999 kroner | 11.3 | 10.8 | 11.9 |
1000–2999 kroner | 34.5 | 34.1 | 35.2 |
3000–4999 kroner | 28.3 | 29.8 | 26.0 |
5000–9999 kroner | 12.2 | 12.8 | 11.5 |
10000–24999 kroner | 7.3 | 6.7 | 8.2 |
25000 kroner eller meir | 2.2 | 1.8 | 2.8 |
57 av 100 kroner kjem frå kvinner
Det er klart fleire kvinner enn menn som nyttar frådragsordninga for gåver til frivillige organisasjonar. I 2016 gav om lag 21 prosent av alle vaksne kvinner slike gåver, medan dette var tilfellet for berre 14 prosent av alle menn. Dette betyr at 60 prosent av alle som gir, er kvinner. Sjølv om mennene er noko meir sjenerøse – i gjennomsnitt gav menn 5 000 kroner i slike gåver, mot 4 500 kroner for kvinnene – er det likevel kvinnene som er dei klart største bidragsytarane til organisasjonar som er med i denne ordninga. I 2016 gav kvinnene eit beløp som utgjorde 57 prosent av dei samla pengegåvene til alle organisasjonar med frådragsrett.
Dei som oftast gir pengegåver til ulike organisasjonar, er gjerne godt opp i åra. Det er kvinner mellom 70 og 79 år som er dei flittigaste givarane. I 2016 hadde 28 prosent av alle i denne aldersgruppa gitt ei pengegåve til slike organisasjonar, men delen givarar er stor også blant kvinnene i aldersgruppa 60 - 69 år.
Blant mennene er det dei aller eldste som oftast gir slike gåver. Blant menn som var 80 år eller eldre, var det knapt 25 prosent som gav pengegåver, medan det er klart mindre vanleg blant dei yngre mennene å gi slike gåver.
Figur 2. Personar i ulike aldersgrupper som gir gåver til frivillige organisasjonar. 2016
Alle | Kvinner | Menn | |
17-29 år | 7.6 | 9.1 | 6.1 |
30-39 år | 15.2 | 18.9 | 11.7 |
40-49 år | 17.8 | 22.3 | 13.6 |
50-59 år | 20.1 | 25.1 | 15.2 |
60-69 år | 23.4 | 27.0 | 19.9 |
70-79 år | 25.1 | 27.5 | 22.4 |
80 år og eldre | 24.4 | 24.2 | 24.6 |
Alle | 17.4 | 20.9 | 14.0 |
Høgt utdanna og god økonomi
Det er som forventa nær samanheng mellom eigen økonomi og kor ofte ein gir gåver som reduserer skatten. Personar med høg utdanning og romsleg økonomi nyttar klart oftare denne frådragsordninga enn dei med låg utdanning og liten inntekt og formue.
Blant dei med høg utdanning, det vil seie på universitets- eller høgskulenivå, var det 28 prosent som gav pengegåver i 2016, medan dette berre var tilfellet for 8 prosent for dei med låg utdanning, det vil seie at dei berre har fullført grunnskulen. Givargleda ser òg ut til å auke med storleiken på personleg bruttoinntekt. Blant dei med ei bruttoinntekt på over ein million kroner var det 30 prosent som nytta denne ordninga i 2016, medan berre 8 prosent av dei med inntekt under 200 000 gjorde det same. Det er også slik at dei som tilhøyrer eit hushald med stor formue og høg inntekt, langt oftare gir pengegåver enn dei som har mindre å rutte med.
Figur 3. Personar 17 år og eldre som gir gåver til frivillige organisasjonar. Etter utdanningsnivå, inntekt og formue. 2016
Prosent | |
Høgaste firedel | 25.3 |
3. kvartil | 19.9 |
2. kvartil | 14.7 |
Lågaste firedel | 9.8 |
Nettoformue | |
Høgaste firedel | 24.9 |
3. kvartil | 19.4 |
2. kvartil | 15.4 |
Lågaste firedel | 10.0 |
Hush.inntekt etter skatt per forbrukseining | |
1 mill. eller meir | 29.9 |
750000–999999 kroner | 25.9 |
500000–749999 kroner | 23.3 |
200000–499999 kroner | 17.0 |
Under 200000 kroner | 7.5 |
Bruttoinntekt | |
Uoppgitt | 2.7 |
Høg | 28.4 |
Middels | 15.9 |
Låg | 8.3 |
Utdanningsnivå | |
Alle | 17.4 |
Størst givarglede i Vest-Agder
Det er klare geografiske skilnader i kor mange som nyttar seg av ordninga med å gi gåver til frivillige organisasjonar. Det er innbyggjarane i Vest-Agder som peikar seg ut som dei som gir mest. I dette fylket er det relativt sett flest som gir slike gåver, og blant dei som bidreg, er ingen meir rause enn dei i Vest-Agder. Meir enn kvar femte vaksne i sørlandsfylket sende ei pengegåve til ein av organisasjonane som er med i denne ordninga, og desse givarane gav i gjennomsnitt 7 300 kroner i 2016. Andre fylker der relativt mange gjer slike pengegåver, er Hordaland og Oslo, men gåvegivarane her yter i gjennomsnitt klart mindre enn dei i Vest-Agder.
Det er færrast som gir slike pengegåver i Nord-Trøndelag og innlandsfylka Hedmark og Oppland.
Figur 4. Prosentdelen personar 17 år og eldre som gir gåver til frivillige organisasjonar. Fylke. 2016
Prosent | |
Hedmark | 12.7 |
Oppland | 13.1 |
Nord-Trøndelag | 13.3 |
Finnmark | 13.8 |
Østfold | 15.1 |
Buskerud | 15.6 |
Nordland | 16.0 |
Sør-Trøndelag | 16.0 |
Troms | 16.5 |
Vestfold | 17.0 |
Møre og Romsdal | 17.1 |
Telemark | 17.3 |
Sogn og Fjordane | 17.9 |
Akershus | 18.3 |
Aust-Agder | 19.1 |
Rogaland | 19.3 |
Oslo | 19.5 |
Hordaland | 20.0 |
Vest-Agder | 21.4 |
Landet | 17.4 |
Figur 5. Gåver til frivillige organisasjonar. Gjennomsnittleg beløp gitt av personar 17 år og eldre. Fylke. 2016
Prosent | |
Troms | 3720 |
Nordland | 3777 |
Finnmark | 3869 |
Sør-Trøndelag | 3874 |
Oppland | 3914 |
Nord-Trøndelag | 3921 |
Hedmark | 4009 |
Oslo | 4190 |
Akershus | 4221 |
Sogn og Fjordane | 4276 |
Hordaland | 4670 |
Østfold | 4702 |
Buskerud | 4841 |
Møre og Romsdal | 4895 |
Vestfold | 4978 |
Telemark | 5622 |
Rogaland | 5801 |
Aust-Agder | 6381 |
Vest-Agder | 7259 |
Landet | 4684 |
Små vestlandskommunar har flest givarar
På same måte som ved dei årlege TV-innsamlingane er det småkommunane som peikar seg ut: Det er her det er mest vanlig å gi pengegåver til ulike organisasjonar. Dersom vi rangerer dei 20 kommunane med den største delen givarar blant dei som er 17 år og eldre, er det tre små kommunar på Vestlandet som toppar rangeringa, nemleg Finnøy og Forsand i Rogaland og Hordalands-kommunen Fedje. Meir enn kvar fjerde vaksne innbyggjar i desse kommunane gav til ein av organisasjonane som er med i denne ordninga. Men også større kommunar i Akershus har mange gåvegivarar. Både Nesodden, Oppegård og Bærum er med på topp 20 lista over flest givarar i 2016.
Det kan vere fleire lokale forhold som er med å forklare kvifor nokre kommunar har fleire givarar enn andre. Sidan mange av gåvene som blir gitt – særleg dei store pengegåvene – går til trussamfunn og misjon, kan det til dømes vere førekomsten av lokale kyrkjesamfunn og misjonsforeiningar som forklarer mykje av givargleda.
Figur 6. Prosentdelen personar 17 år og eldre som gir gåver til frivillige organisasjonar. Dei 20 kommunanane med høgast prosentdel. 2016
Prosent | |
Bærum | 22.3 |
Søgne | 22.4 |
Lillesand | 22.5 |
Lindås | 22.5 |
Vennesla | 22.5 |
Lyngdal | 22.9 |
Flakstad | 23.0 |
Oppegård | 23.2 |
Hægebostad | 23.2 |
Bjerkreim | 23.3 |
Vegårshei | 23.4 |
Utsira | 23.5 |
Audnedal | 23.5 |
Meland | 23.6 |
Kvitsøy | 23.8 |
Nesodden | 24.2 |
Sirdal | 24.5 |
Forsand | 25.3 |
Fedje | 25.8 |
Finnøy | 26.4 |
Landet | 17.4 |
Fire av ti kroner gjekk til ein av dei fire største humanitære organisasjonane
Det er i dag ein rik flora av meir enn 400 ulike organisasjonar som er godkjende av Skatteetaten som mottakarar av pengegåver som gir frådrag ved skattelikninga. I tillegg til ei rekkje bistands- og humanitære organisasjonar, trussamfunn og misjonsorganisasjonar kan ein òg gje pengegåver til ulike interesseorganisasjonar og dermed få redusert skatten sin.
Både når det gjeld talet på givarar og størrelsen på innsamla beløp skil fire organisasjonar seg ut. Dei fire organisasjonane SOS-Barnebyer, PLAN Norge, Leger uten grenser og Redd Barna fekk til saman 1,3 milliardar kroner i pengegåver i 2016 innanfor ordninga med skattefrådrag. Dette utgjer 36 prosent av alle gåver gitt dette året. Det er først og fremst det at svært mange gir til desse organisasjonane, som gjer at beløpet er stort. Nærmare 130 000 personar gav til kvar av dei tre førstnemnde organisasjonane, medan nokre færre, om lag 80 000, gav til Redd Barna.
I gjennomsnitt låg gåvene til desse fire på mellom 2 000 og 3 000 kroner per givar i 2016, der SOS-Barnebyer låg høgast og Leger uten grenser lågast.
Sidan desse fire organisasjonane får bidrag frå så mange, er det som forventa at givarane utgjer eit tversnitt av alle dei som gir pengegåver til frivillige organisasjonar. For alle desse fire gjeld det at kvinnene er i klart fleirtal blant dei som gir. Særlig gjeld dette for SOS-Barnebyer og PLAN der to av tre som gir, er kvinner.
Figur 7. Sum motekne pengegåver for dei 30 organisasjonane som fekk mest. 2016
Millionar kroner | |
Sjømannskirken | 25 |
Norsk Folkehjelp | 26 |
TV Visjon Norge as | 28 |
Det norske baptistsamfunn | 31 |
Amnesty International Norge | 32 |
Det norske misjonsselskap | 32 |
Frelsesarmeen | 33 |
Norges kristne råd | 35 |
Jehovas vitner | 35 |
Indremisjonsforbundet | 35 |
Stiftelsen flyktninghjelpen | 42 |
Kirkens bymisjon (samlet hele landet) | 43 |
Strømmestiftelsen | 46 |
Syvendedags adventistkirken | 54 |
Misjonsalliansen | 54 |
Misjonskirken Norge | 61 |
Norsk Luthersk misjonssamband | 64 |
Kirkerådet | 71 |
Den evangelisk lutherske frikirke | 71 |
Normisjon | 73 |
Unicef-komiteen i Norge | 81 |
Norges blindeforbund | 87 |
Kirkens nødhjelp | 90 |
Brunstad Christian Church | 95 |
Norges røde kors | 145 |
Pinsebeveg. sentralreg. av gaver | 174 |
Redd barna | 201 |
Leger uten grenser Norge | 271 |
Plan Norge | 388 |
SOS-barnebyer Norgestiftelsen | 396 |
Trussamfunn får mest per givar
Ingen gir meir enn dei som støttar ulike trussamfunn, særlig dei utanfor statskyrkja. Blant dei 25 trussamfunna som i gjennomsnitt mottar mest i gåver, er det adventistane (Syvendedagsadventistkirken – Den Norske Union) som fekk mest per givar i 2016. Gjennomsnittleg gåvebeløp for denne organisasjonen var på heile 29 000 kroner, noko som tyder på at mange gav meir enn det som var maksimumsbeløpet for å få skattefrådrag dette året (25 000).
Men også andre trussamfunn har sjenerøse givarar. Elihumenigheten Vestfold og Brunstad Christian Church, eller «Smiths venner» på folkemunne, fekk i gjennomsnitt gåver på høvesvis 24 000 og 23 000 kroner.
Når gåvebeløpa er så store som dette, så utgjer dei også ein vesentleg del av hushaldsinntekta til dei som gir. Sjølv om det enno ikkje er snakk om å gje noko «tiend», så mottar dei organisasjonane som får dei aller største einskildgåvene, eit beløp som i gjennomsnitt svarer til opp imot 4 prosent av hushaldsinntekta etter skatt hos dei som gir. For alle givarar er tilsvarande del berre 0,6 prosent.
Vi må lenger ned på lista for å finne andre enn kristne trussamfunn, men både muslimske organisasjonar, Bahai-samfunnet og buddhistiske trussamfunn mottar gåver på mellom 9 000 og 11 000 kroner i gjennomsnitt, - meir enn det doble av det som er gjennomsnittleg gåvebeløp for alle organisasjonar sett under eitt i 2016 (4 700 kroner).
Kva så med sekulære livssynsorganisasjonar? Også desse finns blant organisasjonane ein kan gi gåver til. Men både Hedningsamfunnet og Humanistforbundet har svært få givarar - færre enn 6 gåvegivarar i 2016. Dette trass i at dei i dag truleg representerer det klart største «trussamfunnet» i Noreg.
1 Organisasjonar med minst 30 gåvegivarar.
Figur 8. Gjennomsnittleg gåvebeløp gitt til ulike trussamfunn¹. Personar 17 og eldre. 2016
Kronar | |
Guds menighet Ørsnes | 7499 |
Shri guru nanak niwas | 7918 |
Buddhistforbundet | 8800 |
The Anglican Chaplaincy | 9124 |
Maran Ata Norge | 9176 |
Baha'i-samfunnet i Norge | 10435 |
Det islamske kultursenter samf. | 11000 |
Metodistkirken i Norge | 11251 |
Det Evang.-lutherske kirkesamf. | 11584 |
Jehovas vitner | 11740 |
Credokirken | 12792 |
Stiftelsen sentermenigheten | 13450 |
Oslo kristne senter | 13649 |
Den nordisk katolske kirke i Norge | 14163 |
Norges kristne råd | 14256 |
Det norske baptistsamfunn | 15040 |
Den evangelisk lutherske frikirke | 15248 |
Pinsebeveg. sentralreg. av gaver | 15436 |
Livets senter | 17352 |
Foursquare Norge | 18753 |
Stiftelsen kristen tjeneste | 19330 |
Jesu Kr. kirke av siste d. hellige | 19451 |
Brunstad Christian Church | 22947 |
Elihumenigheten Vestfold | 23875 |
Syvendedags adventistkirken | 28722 |
Små misjonslag får store pengegåver
Norske misjonærar har i meir enn hundre år blitt sende til misjonsmarkene i «heidningland» for å spreie lyset, og ulike misjonsorganisasjonar er godt representerte blant organisasjonar som er med i ordninga som gjev skattefrådrag for pengegåver. Dei misjonsorganisasjonane som har flest givarar, er Normisjon og Misjonsalliansen. I tillegg til misjonsverksemd, arbeider desse organisasjonane og med humanitær bistand. Begge desse hadde om lag 12 000 givarar i 2016. I gjennomsnitt gir dei som støtter desse to organisasjonane, pengegåver på høvesvis 6 200 kroner og 4 400 kroner. Det er likevel blant mange av dei mindre misjonsorganisasjonane ein finn dei største einskildbidraga. Både Kristent Nettverk og Vineyard Norge har givarar som i gjennomsnitt gav meir enn 20 000 kroner i gåver i 2016. Begge desse organisasjonane har ein sterk lokal forankring. Om lag halvparten av gåvegivarane til desse to organisasjonane er busett i Hordaland.
1 Organisasjonar med minst 30 gåvegivarar.
Figur 9. Gjennomsnittleg gåvebeløp gitt til ulike misjonsorganisasjonar¹. Personar 17 og eldre. 2016
Kroner | |
Anna Ministries | 6203 |
Open Air Campaigners Norge | 6581 |
Evangelisk orientmisjon | 6910 |
Dmi Norge (internasj. døvemisjon) | 7101 |
Pinsemenighetens ytremisjon | 7319 |
New Life Mission | 7682 |
Nordic Harvest Mission | 8196 |
Operasjon mobilisering | 8309 |
Indremisjonsforbundet | 8553 |
His Love to the Nations | 8615 |
Stiftelsen Ellel Ministries Norge | 9151 |
Norsk luthersk misjonssamband | 9252 |
Euromission | 9641 |
International Gospel Mission | 9664 |
TV visjon Norge As | 11814 |
World Outreach Mission | 12043 |
Irr Mission | 12339 |
Norsk luthersk lekmannsmisjon | 12582 |
Frontiers Norden | 12769 |
Misjon sarepta | 13741 |
De frie evangeliske forsaml. | 14307 |
Misjonsselskapet NTM Norge | 14548 |
Misjonskirken Norge | 15261 |
Vineyard Norge support | 21402 |
Kristent nettverk | 22006 |
Mange interesseorganisasjonar men få givarar
Dei mange ulike interesseorganisasjonane som er med i ordninga der ein får skattefrådrag for gåver, er kjenneteikna av at dei fleste har få givarar. Unntaket er Norges Blindeforbund som har over 53 000 givarar som samla gav meir enn 87 millionar kroner i gåver i 2016. Samanlikna med til dømes trussamfunn og misjonsorganisasjonar mottar ulike interesseorganisasjonar klart mindre i gåver per givar.
Det er ACEM Senior som hadde dei rausaste givarane i 2016 blant interesseorganisasjonane, der gjennomsnittlig gåvebeløp var på 9 000 kroner. Dette er ein organisasjon som har som formål å gi dei som er over 60 år ein sunnare og meir aktiv seniorfase, mellom anna gjennom yoga og meditasjon. Men det var få som gav til denne organisasjonen, berre 40 personar i 2016. Men økonomien til desse var god. Median nettoformue for dei som gav, var på 14 millionar kroner i 2016.
Ein av dei større organisasjonane med mange givarar som gir mykje, er Islamsk Råd. Meir enn 2000 personar, der sju av ti var menn, støtta denne organisasjonen og gav i gjennomsnitt 6 100 kroner i gåve. Givarane til denne organisasjonen er elles kjenneteikna av å vere relativt unge, medianalderen var på 43 år, med middels utdannings- og inntektsnivå. Over halvparten av dei som gav, budde i Oslo.
Ein organisasjon med ein noko anna filosofi enn Islamsk Råd er kan hende Stiftelsen Human Rights Service, som også er med i ordninga. Samanlikna med Islamsk Råd er det klart færre givarar til denne organisasjonen, mindre enn 300 i 2016. Men dei har det til felles med Islamsk Råd at det store fleirtalet av givarane – åtte av ti – er menn. Dei fleste givarane er elles høgt utdanna, to tredjedelar har høgskule- eller universitetsutdanning, og dei har svært høg inntekt. Meir enn kvar femte givar til denne organisasjonen har ei bruttoinntekt på 1 million kroner eller meir. I gjennomsnitt gav kvar givar om lag 2 100 kroner til denne organisasjonen.
To interesseorganisasjonar som har teke kvart sitt standpunkt i konflikten i Midt-Austen, er òg med i ordninga. Dette gjeld organisasjonane Med Israel for Fred og Palestina-komiteen. Desse to har om lag like mange gåvegivarar og mottar om lag like mykje i støtte. Derimot er det klare skilnader i kven som gir til desse to organisasjonane. Noko forenkla kan vi seie at dei «typiske» givarane til Med Israel for Fred er menn i slutten av 60-åra med noko over middels inntekt og utdanningsnivå, busett på Sør-Vestlandet.
Dei som gir til Palestina-komiteen, er på si side ofte kvinner midt i 60-åra, med høg inntekt og høg utdanning, heile ni av ti har til dømes utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, og dei bur i hovudstaden. I gjennomsnitt fekk begge desse organisasjonane om lag 2 000 kroner i pengegåver per givar i 2016.
1 Organisasjonar med minst 30 gåvegivarar.
Figur 10. Gjennomsnittleg gåvebeløp gitt til ulike interesseorganisasjonar¹. Personar 17 og eldre. 2016
Kroner | |
Dyrevernalliansen | 1789 |
Riksmålsforbundet | 1844 |
NOAH | 1978 |
Norske redningshunder | 2034 |
Tankesmien skaperkraft | 2053 |
Med Israel for fred | 2131 |
Stift. Human Rights Service HRS | 2145 |
KFUK-KFUM Global | 2189 |
Palestinakomiteeni Norge | 2227 |
Dyrebeskyttelsen Oslo/omegn | 2439 |
Adopsjonsforum | 2492 |
Bønn for den norske kirke | 2555 |
Foren. for ompl. av dyr FOD | 2861 |
Norges KFUK-KFUM | 3065 |
Right to play | 3111 |
Aktiv mot kreft | 3133 |
Dyrebeskyttelsen Bergen | 3561 |
Dyrebeskyttelsen Sør Rogaland | 3612 |
Norsk jernbaneklubb | 3855 |
Kvinner i nettverk | 4395 |
Norges Musikkorps Forbund | 5179 |
Norges idrettsforb. | 5549 |
Islamsk råd Norge | 6138 |
Stiftelsen Utstein Pilegrimsgard | 6157 |
Acem senior | 9031 |
Eldre målmenn
Også dei som ynskjer å støtte eitt av dei to skriftspråka våre, har høve til det, sidan både Noregs Mållag og Riksmålsforbundet er representert blant dei organisasjonane ein kan støtte økonomisk og få skattefrådrag for gåvebeløpet. Det er likevel stor skilnad i talet på personar som støtter desse to organisasjonane. Medan Mållaget fekk støtte frå 800 givarar i 2016 var det berre 54 som gav eit tilskot til Riksmålsforbundet. Likevel er det mangt som er likt for dei som gir pengegåver til desse to språkorganisasjonane. Først og fremst er det flest menn som gir, om lag åtte av ti givarar er menn. I tillegg er dei godt opp i åra. Medianalderen til dei som gav til Mållaget var på 73 år og 78 år for dei som gav til Riksmålsforbundet.
Begge gruppene er i tillegg godt utdanna. Delen med utdanning på høgskule- og universitetsnivå var 75 prosent for Mållaget sine givarar og heile 85 prosent for dei som gav til Riksmålsforbundet. Derimot kjem givarane frå vidt forskjellige stadar i landet. Nær seks av ti som gav til Mållaget var busett i eitt av dei fire vestlandsfylka, medan seks av ti bidragsytarar til Riksmålsforbundet budde anten i Oslo eller Akershus.
Det går elles fram av denne gjennomgangen av gåvegivarar til ulike organisasjonar at kvinnene er i klart fleirtal blant dei som støttar organisasjonar som arbeider med bistand, humanitært arbeid og dyrevern, medan mennene helst gir til diverse interesseorganisasjonar.
Gran, Even (2018, 24. mars). Andelen som ikke tror på Gud øker sterkt, gudstroen svekkes. Fri tanke
Kontakt
-
Jon Epland
-
SSBs informasjonstjeneste