Innhald
Om statistikken
Omgrep
-
Namn og emne
-
Namn: Hushalda sine inntekter og formue
Emne: Inntekt og forbruk
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for inntekts- og lønnsstatistikk
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Berekna realkapital
Omfattar berekna marknadsverdi for primær- og sekundærbustadar og likningsverdiar for annan fast eigendommar, anlegg og skog, driftslausøyre og andre eigedelar i næring samt innbu og lausøyre. I berekna marknadsverdi for bustadar inngår ikkje bustadeigedom på gardsbruk.Skattepliktig bruttofinanskapital
Omfattar bankinnskot, partar i aksje-, obligasjons- og pengemarknadsfond, aksjar, obligasjonar og andre verdipapir.
Berekna bruttoformue
Omfattar berekna realkapital og skattepliktig bruttofinanskapital.
Gjeld
Gjeld til norske og utanlandske fordringshavarar samt eigarar i burettslag sin del av bustadselskapet si gjeld.Skattepliktig nettoformue
Nettoformue er berekna bruttoformue der gjeld er trekt frå.
Inntekt etter skatt
Yrkesinntekter, kapitalinntekter, skattepliktige og skattefrie overføringar, i løpet av kalenderåret. Utlikna skatt og negative overføringar er trekt frå.
Yrkesinntekter
Yrkesinntekter er summen av lønnsinntekter og netto næringsinntekter i løpet av kalenderåret.
Kapitalinntekter
Kapitalinntekter omfattar renteinntekter, aksjeutbytte, realisasjonsgevinstar og andre kapitalinntekter i løpet av kalenderåret. Til frådrag kjem årets realisasjonstap.
Skattepliktige overføringar
Skattepliktige overføringar omfattar pensjonar frå folketrygda, tenestepensjon, dagpengar ved arbeidsløyse og mottekne bidrag.
Skattefrie overføringar
Skattefrie overføringar omfattar barnetrygd, bustønad, studiestipend, sosialhjelp, grunn- og hjelpestønad med fleire.
Hushald
Som hushald er rekna alle personar som er fast busett i bustaden. Statistikken omfatta berre personar i privathushald eksklusive studenthushald, dvs. hushald der hovudinntektstakar verken er trygdemottakar eller yrkestilknytt, men som får lån frå Lånekassen.
Hovudinntektstakar
Hovudinntektstakar er den i hushaldet som har fått registrert høgast samla inntekt blant inntektstakarane i hushaldet. I dei tilfelle der det ikkje finnast nokon inntektstakar i hushaldet er eldste person hovudinntektstakar.
Alder er satt lik fylte år ved utgangen av året. Det er hovudinntektstakarens alder som bestemmer grupperinga av hushalda.
Sivilstand er per 31. desember i likningsåret.
-
Standard klassifikasjonar
-
Hushaldstypar følgjer standard klassifikasjon, sjå oversikt over standardar .
Sosioøkonomisk status
Ein person er yrkestilknytt dersom inntekt av næringsverksemd og lønnsinntekt til saman er større enn folketrygdas minsteyting til alders- og uførepensjonistar.
Gruppa yrkestilknytte deles i sjølvstendige og tilsette. Dersom næringsinntekta er større enn lønnsinntekta, blir personen klassifisert som sjølvstendig næringsdrivande, i motsett fall som tilsett.
Vi har følgjande sosioøkonomiske grupper i Inntektsstatistikken:- Yrkestilknytte
- Sjølvstendig næringsdrivande i primærnæringane
- Sjølvstendig næringsdrivande i andre næringar
- Tilsette - Ikkje yrkestilknytte
- Pensjonistar og trygda
- Andre ikkje yrkestilknytte
- Yrkestilknytte
Administrative opplysingar
-
Regionalt nivå
-
Nasjonalt nivå og fylkesnivå.
-
Kor ofte og aktualitet
-
Årleg. Statistikken blir frigitt 1. kvartal to år etter det aktuelle inntektsåret.
-
Internasjonal rapportering
-
Inntektsdata frå inntekts- og formuesstatistikken blir brukt i framstillinga av Eurostat sine strukturelle indikatorar over låginntekt og inntektsfordeling. Mikrodata for utvalde år inngår i tillegg i databasen Luxembourg Income Study (LIS) og Luxembourg Wealth Study (LWS). I tillegg inngår inntektsdata i den nordiske publikasjonen "Social trygghed i de nordiske lande" (Nordisk Socialstatistiske Komite), og i utvalde publikasjonar frå OECD.
-
Lagring og bruk av grunnmaterialet
-
Rådatafiler med inntektsdata som har gått gjennom koplings- og estimeringsprogram blir lagra.
Bakgrunn
-
Føremål og historie
-
Formålet med statistikken er å presentere nivå, samansetting og fordeling av hushaldas inntekter, formue og gjeld.
Inntekts- og formuesundersøkinga for hushald var ei representativ utvalsundersøking, som vart gjennomført årleg frå 1986 til 2004. Undersøkinga nytta opplysningar om hushaldas samansetjing frå ulike utvalsundersøkingar om levekår og forbruk. Inntekter ble innhenta på papir frå Skattedirektoratet frem til 1992. I tillegg vart ei rekke skattefrie inntekter henta inn elektronisk frå ulike etatar, som til dømes NAV, Husbanken og Lånekassen. Frå og med 1993 har SSB ta imot alle opplysningar om inntekt, formue og gjeld elektronisk, då også Sjølvmeldingsdata ble tilgjengeleg i elektronisk form. Frå 2004 har SSB etablert hushald ved hjelp av registeropplysningar. Dette inneber at statistikken no presenterast som ein heildekkande inntekts- og formuesstatistikk for alle landets privathushald.
-
Brukarar og bruksområde
-
Dei viktigaste brukarane er Finansdepartementet og andre departement, forskingsmiljøa innan områda hushaldsøkonomi, skatteforsking og levekår generelt.
Skattemodellen LOTTE vert årleg oppdatert med data frå Inntekts- og formuesstatistikken for hushald.
-
Likebehandling av brukere
-
Ikkje relevant
-
Samanheng med annan statistikk
-
Datagrunnlaget for Inntektsstatistikk for hushald er også grunnlaget for statistikken Inntektsindikatorer for ulike grupper .
Sjølvmeldinga er grunnlaget for all inntektsstatistikk for personar i Statistisk sentralbyrå. Sjølvmeldingsstatistikken inneheld opplysningar frå alle postane i sjølvmeldinga, og opplysningane blir henta inn for alle personar i landet. Statistikken vart først tilgjengelig for årgangen 1993.
-
Lovheimel
-
Statistikkloven §§2-1, 3-2 (adm. edb-systemer).
-
EØS-referanse
-
Ikkje relevant
Produksjon
-
Omfang
-
Alle busette personar i landet og busette personar i privathushald per 31.12 i inntektsåret.
-
Datakjelder og utval
-
Opplysningar om inntekt, formue og gjeld er framkommen ved å kople ulike administrative og statistiske datakjelder for heile befolkninga per. 31.12. i inntektsåret. Opplysningar er henta inn frå følgjande kjelder:
• Sjølvmeldingsopplysningar (lønn, næringsinntekt, kapitalinntekter, pensjonar, gjeld og diverse formuespostar)
• Likningsregisteret (skatter)
• Lønns- og trekkoppgåveregisteret (arbeidsløysetrygd, diverse skattefrie overføringar)
• NAV (barnetrygd, grunn- og hjelpestønad, kontantstøtte med vidare)
• KOSTRA (sosialhjelp)
• Lånekassen (lån og stipend)
• Husbanken (bustønad)
• Statistisk sentralbyrås utdanningsstatistikk (befolkningas høgaste fullførte utdanning)
• Statistisk sentralbyrås statistikk over formelle hushald.
• FD-Trygd (sjukepengar og fødselspengar)
Representativ utvalsundersøking i perioden 1986-2004. Fullteljing frå og med 2004. Dette inneber at det føreligg statistikk både på utvals- og registernivå for 2004.Opplysningar om inntekt, formue og gjeld er framkommen ved å kople ulike administrative og statistiske datakjelder for heile befolkninga per. 31.12. i inntektsåret. Opplysningar er henta inn frå følgjande kjelder:
Sjølvmeldingsopplysningar (lønn, næringsinntekt, kapitalinntekter, pensjonar, gjeld og diverse formuespostar)
Likningsregisteret (skatter)
Lønns- og trekkoppgåveregisteret (arbeidsløysetrygd, diverse skattefrie overføringar)
NAV (barnetrygd, grunn- og hjelpestønad, kontantstøtte med vidare)
KOSTRA (sosialhjelp)
Lånekassen (lån og stipend)
Husbanken (bustønad)
Statistisk sentralbyrås utdanningsstatistikk (befolkningas høgaste fullførte utdanning)
Statistisk sentralbyrås statistikk over formelle hushald.
FD-Trygd (sjukepengar og fødselspengar)
Representativ utvalsundersøking i perioden 1986-2004. Fullteljing frå og med 2004. Dette inneber at det føreligg statistikk både på utvals- og registernivå for 2004.
-
Datainnsamling, editering og beregninger
-
Opplysningar blir innhenta frå ulike register, jf. punkt 3.2.
Det blir sett i verk konsistenskontrollar ved å samanlikne opplysningar frå ulike kjelder.
Den utvalsbaserte statistikken vart veid ved hjelp av eit kalibreringsprogram. Denne estimeringsmetoden gjorde at utvalet viste dei same størrelsane som ein kjenner frå registerstatistikken (for populasjonen) for utvalde variablar.
Den registerbaserte inntektsstatistikken er frå og med 2004 ei totalteljing. Faktiske hushald er danna frå formelle hushald, sjå Om statistikken . Med faktisk hushald meinast dei som til dagleg bur saman og som ein antar har ein felles økonomi. Med utgangspunkt i formelt hushald dannast faktisk hushald ved at bortebuande studentar blir skilt ut frå foreldrehushaldet. Utvalsundersøkingar tyder på at mindre enn 10 prosent av landets vel 200 000 studentar faktisk bur heime. I tillegg nyttast ein del annen informasjon for blant anna å få fleire sambuarar registrert i felles hushald, og data frå NAV for å identifisere institusjonsbebuarar.
-
Sesongjustering
-
Ikkje relevant
-
Konfidensialitet
-
Bruk av innsamla data frå oppgåvegivarane vil skje i samsvar med krav stilt i Statistikklovens bestemmingar. Opplysningane vil bli tatt vare på på ein forsvarleg måte.
-
Samanlikningar over tid og stad
-
Gjennom tidene har det skjedd endringar i inntektsomgrepet som følgje av endringar i skattesystemet og tilgang til nye inntektskomponentar frå register.
Ei slik endring gjeld barnebidrag. I samband med endringar i bidragsreglane frå og med 1. oktober 2003, vart denne inntektskomponenten skattefri. Etter denne endringa inneheld Inntektsstatistikk for hushald berre betalte barnebidrag underlagt offentleg avtale. Betalte barnebidrag gjennom private avtalar inngår ikkje.
Nøyaktigheit og pålitelegheit
-
Feilkjelder og uvisse
-
Opplysningane i likningsmaterialet kan innehalde feilutfylling ved innsending av sjølvmeldinga frå den enkelte skatteytar. Ein rekke slike feil blir oppdaga og retta av likningskontora. Feil som ikkje har praktisk betyding for sjølve likninga, vert ofte ikkje retta av likningskontora. Dette kan føre til skeivhet i materialet. Særleg vil små beløp som ligg under skattefrie grenser, lett bli ståande sjølv om dei ikkje er riktig utfylte.
Ein del feil ved innsamling og behandling av data er uunngåeleg. Det kan vere kodefeil, revisjonsfeil, feil i IT-behandlinga etc. Det er utført et omfattande arbeid for å minimalisere disse feila, og vi reknar desse feiltypane for å vere relativt ubetydelege.
Frå og med inntektsåret 2004 er statistikken en totalteljing, og vil ikkje bli påverka av feil som angitt under. For tidlegere år, med utvalsbasert statistikk, vil følgjande gjelde :Varians
Alle utvalsundersøkingar er hefta med ein viss usikkerhet. Generelt blir resultata meir usikre jo færre observasjonar dei er basert på. Resultat som byggjer på mindre enn 20 observasjonar blir derfor ikkje publisert.Grupper som er basert på relativt få observasjonar vil vere sterkt influert av ekstreme observasjonar, dvs. observasjonar som avvik sterkt frå gjennomsnittet. I denne statistikken er ekstreme observasjonar i dei fleste tilfelle tekne med, men utslaga til slike observasjonar er blitt forsøkt redusert ved justering (reduksjon) av hushaldsvektene.
Eit mål for variansen får ein ved å berekne størrelsen på standardfeilen på gjennomsnittet. til NOS Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger for slike berekningar.
Skeivhet
Utvalskeivhet kan oppstå når fordelinga mellom visse grupper i utvalet ikkje er den same som den tilsvarande fordeling i totalpopulasjonen. Ein slik utvalsskeivhet kan oppstå gjennom fråfall. Dei fleste opplysningane til Inntekts- og formuesundersøkinga er henta frå administrative register. Fråfall er ikkje noko problem for denne delen av materialet. Hushaldssamansettinga er basert på intervju, og då vil me alltid få fråfall. Det er likevel justert for fråfallet ved å erstatte hushaldsopplysningar med opplysningar om familiesamansetting.
-
Revisjon
-
Ikkje relevant
Statistikken blir no publisert saman med Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger.
Tilleggsinformasjon
Statistikken er ei totalteljing og omfattar alle personar i privathushald. Personar i studenthushald er ikkje med. Alle registrerte kontante inntekter og gjelds- og formuespostar frå likninga er med.