Innhald
Om statistikken
Omgrep
-
Namn og emne
-
Namn: Skattelikninga (opphørt)
Emne: Inntekt og forbruk
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for inntekts- og lønnsstatistikk
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Talet på kommuneskatteytarar omfattar dei som har inntekts- og/eller formuesskatt til kommune.
Nettoformuen omfattar verdien av realkapital og finanskapital. Gjeldsbeløp er trekt frå. Dei einskilde formuesartane er vurderte etter likningsverdi. Nokre formuesartar er berre rekna med fastsette fribeløp.
Almenn inntekt omfattar summen av skattepliktige inntekter som lønsinntekter, næringsinntekter, kapitalinntekter, pensjonsinntekter og visse stønader fråtrukke inntektsfrådrag som minstefrådrag og utgifter for å skaffa seg inntekt, gjeldsrenter, pliktig underhaldsfrådrag og pensjonspremier m.m. Inntektsskatt til kommune/fylke og fellesskatt blir rekna ut frå almenn inntekt.
Toppskattegrunnlaget (samla personinntekt) er eit bruttoinntektsomgrep som omfattar arbeidsinntekt (personinntekt løn og utrekna personinntekt frå næring) og skattepliktige pensjonar for personlege skattytarar. Kapitalinntekter inngår ikkje i dette inntektsomgrepet. Toppskatt til staten blir rekna ut frå dette grunnlaget.
Dei ymse inntekts- og formuesskattane til kommune, fylke og stat og medlemsavgifter til folketrygda omfattar nettobeløp, dvs. etter at frådrag og nedsettjingar i skatt er trekt frå.
Utlikna skatt omfattar formues- og inntektsskatt til kommune, fylke og stat samt medlemsavgifter til folketrygda etter at alle frådrag og nedsettjingar i skatt er trekt frå.
Bruttoskatt omfattar utlikna skatt pluss frådrag og nedsettjingar i skatt.
Personlege (forskotspliktige) skattytarar omfattar innanby(gd)s og utanby(gd)s skattytarar. Innanby(gd)s personlege skattyterar omfattar personar som har skattepliktig inntekt/formue til bustadskommunen. I tillegg omfattar denne skattytargruppa òg nordmenn og utlendingar busatt i utlandet, men som blir likna for fast eigedom i Noreg. Utanby(gd)s personlege skattytarar omfattar personar som har skattepliktig inntekt/formue til andre kommunar enn bustadskommunen.
Etterskotspliktige skattytarar omfattar selskap som har utlikna skatt på inntekt/formue. Eigarane/aksjonærarane i eit selskap, eventuelt ein institusjon, foreining eller liknande, må ha eit avgrensa ansvar for gjelda i selskapet for at det skal bli rekna som etterskotspliktig skattytar.
-
Standard klassifikasjonar
-
Ikkje relevant