38 500 årsverk i jordbruket borte på 20 år

Publisert:

Samla arbeidsinnsats i jordbruket i 2020 blei redusert med 12 prosent frå 2010. Saman med færre og større jordbruksbedrifter gjer det likevel at arbeidsinnsatsen per gardsbruk auka.

Dette viser dei første resultata frå Landbruksteljing 2020.

6 900 årsverk borte på ti år

Arbeidsinnsatsen i jordbruket gjekk ned med 37 prosent frå 1999 til 2010. Frå 2010 til 2020 er det ei svakare reduksjon med ein nedgang på 12 prosent. I dei to same tidsperiodane har talet på jordbruksbedrifter blitt redusert med høvesvis 34 og 17 prosent.

I alt blei det utført 49 800 årsverk i jordbruket i 2020 mot 56 700 årsverk i 2010 og 88 300 i 1999. Ettersom jordbruksbedriftene i 2020 generelt har større drift enn for ti år sidan, både når det gjeld areal og talet på husdyr, aukar den gjennomsnittlege arbeidsinnsatsen per jordbruksbedrift frå 1,2 årsverk i 2010 til 1,3 årsverk i 2020. Det er først og fremst bruk med storfe og bruk som driv med hagebruksproduksjon at arbeidsinnsatsen per eining har auka dei siste ti åra.

Av den totale arbeidsinnsatsen som vart utført på jordbruksbedriftene var 90 prosent innan jord- og hagebruk, 8 prosent i tilleggsnæringar og 2 prosent i skogbruket.

Figur 1. Arbeidstimar utført i jord- og hagebruk, skogbruk og tilleggsnæringar

Jord- og hagebruk Skogbruk Tilleggsnæringar
1999 151442 6003 8168
2010 94538 2648 7494
2020 82983 1712 7221

Flest arbeidstimar utført på mjølkebruk

Det var gardsbruka som driv med mjølkeproduksjon frå storfe som utførte flest arbeidstimar i 2020. Dei utførte 13 200 årsverk eller 4 100 timar per bruk noko som er 13 prosent meir enn i 2010. Storleiken på buskapen auka frå 21,4 til 29,9 mjølkekyr per bruk. Storleiken på buskapen aukar altså langt meir enn arbeidsinnsatsen, og ei forklaring kan være meir automatisering og bruk av mellom anna mjølkerobotar som minskar arbeidsinnsatsen i næringa.

Auke i arbeidsinnsatsen i hagebruket

I 2020 var det 1 400 gardsbruk som hadde hagebruksvekstar som viktigaste produksjon. Dette er ei arbeidsintensiv næring som sysselset mange sesongarbeidarar, og i alt blei det utført 5 600 årsverk i 2020. Dette er ei auke på 14 prosent frå 2010. I alt blei 80 prosent av utførte timar i hagebruket utført av innleigd arbeidskraft.

Talet på bruk med hagebruksvekstar har gått svakt tilbake frå 2010. Utførte årsverk per eining viser 3,0 i 2010 og 4,0 årsverk i 2020. Auke i arbeidsinnsatsen skuldast i hovudsak at jordbruksbedrifter med grønsaker på friland og i veksthus vert større.

Figur 2. Arbeidstimar utført i jord- og hagebruk, skogbruk og tilleggsnæringar, etter driftsform

2010 2020
Korn og oljevekstar 6636 6196
Andre jordbruksvekstar 5745 4067
Hagebruksvekstar 9066 10306
Storfe mjølkeproduksjon 31119 24370
Storfe kjøttproduksjon 8261 9786
Storfe mjølke- og kjøttproduksjon 8012 3917
Sau 15972 15343
Andre grovfôretande dyr 6267 5326
Svin og fjørfe 6336 6021
Blanda produksjon 7265 6583

Familien hjelper sauebonden

I teljinga er det kartlagd kven som har utført arbeidet innan husdyrhald, jord- og hagebruk. For heile landet under eitt stod brukar og ektefelle/sambuar for 61 prosent, familiemedlemmer for 9 prosent og anna fast og tilfeldig hjelp for 29 prosent av arbeidstimar utført i jord- og hagebruk i 2020.

Gardsbruk med sau ber framleis mest preg av å vere ei familieverksemd. I alt blei 90 prosent av timane på sauebruk utført av brukar, ektefelle/sambuar og familiemedlemmer. Familiemedlemmer til sauebrukaren stod for 12 prosent av utførte arbeidstimar.

Tilleggsnæringar framleis viktige for gardbrukaren

Tilleggsnæringar knytt til gardsbruket har i lengre tid vore viktig for å auke det økonomiske utbytet på garden. I 2020 var det 21 780 gardsbruk som dreiv med ulike formar for tilleggsnæringar. Dette utgjer 56 prosent av alle gardsbruk, om lag det same som i 2010.

Som for ti år sidan er det framleis leigekøyring som er den tilleggsnæringa flest gardbrukarar driv med. I alt dreiv 8 880 gardsbruk med leigekøyring. Andre viktige tilleggsnæringar er utleige av jakt- og fiskerettar (8 220), utleige av bygningar (5 470), utleige av jordbruksareal (3 460) og produksjon og sal av trevirke (3 090).

Landbruksteljing 2020

Fullstendige teljingar har blitt gjennomført med 10 års mellomrom sidan 1907. At ei teljing er fullstendig betyr at alle gardsbruk over ei viss storleik er omfatta. Dette gjer at statistikken har høg kvalitet, og ein kan gi sikre og detaljerte opplysningar om jordbruket etter ulike inndelingar, til dømes etter kommunar.

Formålet med teljinga er å gi ei oversikt over ressurs- og produksjonsgrunnlag og driftsmessige, miljømessige og økonomiske forhald innan jordbruksnæringa. I tillegg skal teljinga gi ei historisk oversikt over utviklinga, og korleis landbruket i Noreg blir drive. Liknande teljingar vert gjennomført i heile Europa.

Mesteparten av informasjonen til teljinga blir henta frå registerdata, mellom anna om husdyr og areal. I tillegg vart det samla inn andre data frå om lag 40 000 gardsbruk via eit elektronisk spørjeskjema. Resultat frå teljinga som blir publisert no er førebelse tal basert på opplysningar frå eit utval av gardsbruk. Over sommaren vil dei endelege resultatet frå teljinga bli publisert. Tema frå teljinga som blir publisert i laupet av året er:

- Gardsbruk, husdyr og jordbruksareal

- Arbeidsinnsats

- Husdyrrom

- Lagring og bruk av husdyrgjødsel

- Landbrukseigedommar

- Jordbruk i og nær tettstader