Auka grønsaksproduksjon

Publisert:

Total produksjon av grønsaker på friland og i veksthus er berekna til 199 500 tonn i 2016, ein auke på 14 100 tonn frå året før.

 

Produksjonen av grønsaker på friland auka med 12 200 tonn frå 2015 til 2016 til 170 000 tonn. Gulrot utgjorde om lag 30 prosent av totalavlinga på friland, medan kepalauk utgjorde 14 prosent. Produksjonen av grønsaker i veksthus auka med 1 900 tonn til 29 900 tonn i 2016. Agurk og tomat utgjorde respektive 53 og 37 prosent av totalavlinga der.

Total produksjon av frukt er berekna til 15 100 tonn i 2016, ein auke på 2 300 tonn frå året før. Den auka fruktproduksjonen heng i hovudsak saman med gode epleavlingar i 2016. Av den totale fruktproduksjonen utgjorde eple 12 400 tonn og plomme 1 800 tonn. Produksjonen av morellar var knapt 600 tonn, medan det blei produsert 100 tonn kirsebær.

Totalavlinga av bær var 12 600 tonn i 2016,ein nedgang på 2 500 tonn frå året før. Det var særleg produksjonen av jordbær som gjekk ned, frå 11 200 tonn i 2015 til 8 700 tonn i 2016. Nedgangen skuldast mellom anna alvorlege angrep av soppen gråskimmel på Sør-Austlandet i 2016. Produksjonen av bringebær var 2 900 tonn i 2016, mot 2 800 tonn året før.

 

Kontakt