Auka investeringar i driftsbygningar
Publisert:
Investeringane i driftsbygningar i jord- og hagebruk auka frå 3,5 til 4,0 milliardar kroner frå 2014 til 2016.
- Tala er henta frå
- Landbruksundersøkinga
- Artikkelen er del av serien
- Landbruksundersøkinga (arkiv)
Talet på jordbruksbedrifter som investerte i driftsbygningar auka frå 5 400 i 2014 til 7 000 i 2016. Dette svarer til høvesvis 13 prosent og 17 prosent av alle jordbruksbedriftene. Gjennomsnittleg investeringsbeløp i 2016 var 577 000 kroner, mot 641 000 kroner i 2014.
Figur 1. Del jordbruksbedrifter med investering i jord- og hagebruk
Investering i driftsbygningar og bygningsinventar | Investeringar i maskinar og reiskap | |
1988 | 14 | 29 |
1997 | 9 | 21 |
2001 | 11 | 26 |
2005 | 12 | 29 |
2008 | 14 | 31 |
2011 | 15 | 32 |
2014 | 13 | 31 |
2016* | 17 | 32 |
Figur 2. Investering i jord- og hagebruk. Faste 2016-kroner
Investering i driftsbygningar og bygningsinventar | Investeringar i maskinar og reiskap | |
1988 | 3159000 | 4150000 |
1997 | 1914000 | 3111000 |
2001 | 1589000 | 3202000 |
2005 | 3187000 | 3025000 |
2008 | 3984000 | 3258000 |
2011 | 4213000 | 3451000 |
2014 | 3470000 | 2654000 |
2016* | 4036000 | 2834000 |
Omkring 80 prosent av jordbruksbedriftene hadde utgifter til vedlikehald av driftsbygningane. Utgiftene utgjorde 1,8 milliardar kroner, tilsvarande 58 000 kroner per jordbruksbedrift med utført vedlikehald.
I 2016 blei det investert 2,83 milliardar kroner i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk. Omkring 13 100, eller 32 prosent, av jordbruksbedriftene investerte i nye eller brukte maskiner og reiskap.
Om lag 15 prosent av jordbruksbedriftene hadde kontraktar om leige av maskinar og reiskap i 2016, og bedriftene betalte om lag 900 millionar kroner i leasingleige for ulike maskiner og reiskap i 2016. Gjennomsnittleg betalt leasingleige var 114 000 kroner per bedrift med leasingleige.
Kontakt
-
Berit Bjørlo
-
SSBs informasjonstjeneste