Auke i kjøtproduksjonen

Publisert:

I løpet av det første halvåret i 2017 blei det til saman produsert over 164 000 tonn kjøt. Det er 2,5 prosent meir enn i den tilsvarande perioden i fjor.

Slaktestatistikk frå SSB viser at vel 40 prosent av den totale kjøtproduksjonen i første halvår 2017 var svinekjøt, medan 32 prosent var fjørfekjøt og 24 prosent storfekjøt.

Figur 1. Dei ulike kjøtslaga sin del av total kjøtproduksjon. 1. halvår 2017. Prosent

Storfe24.1% Sau 2.3% Svin41.1% Fjørfe 32.4% Anna kjøt 0.1%
Prosent 24.1 2.3 41.1 32.4 0.1

Rogaland aleine stod for 25 prosent av den totale kjøtproduksjonen i dei seks første månaden i år, medan produksjonen i Nord-Trøndelag og Hedmark utgjorde 14 og 13 prosent av totalen.

Frå første halvår 2016 til første halvår 2017 auka produksjonen av fjørfekjøt med 5 400 tonn, medan det for svinekjøt var ein nedgang i produksjonen på 1 900 tonn. Produksjonen av storfe- og sauekjøt auka i den same perioden med respektive 300 og 200 tonn.

Figur 2. Endring i slaktemengda av ulike kjøtslag, 1. halvår 2016- 1. halvår 2017

Storfe Sau Svin Fjørfe Anna kjøt I alt
1. halvår 2016- 1. halvår 2017 0.88 5.81 -2.72 11.24 -11.79 2.54

 

Kontakt