Færre bedrifter med slaktekylling

Publisert:

28 000 husdyrprodusentar søkte om produksjonstilskott per 1. januar 2017 – 400 færre enn året før, viser nye tal frå statistikken Husdyrhald. Det er talet på bedrifter med kyllingproduksjon som fell mest.

Figur 1. Jordbruksbedrifter med husdyr

Jordbruksbedrifter
2008 33559
2009 32551
2010 32270
2011 31190
2012 30408
2013 29744
2014 29124
2015 28587
2016 28375
2017* 28012

Størst prosentvis nedgang var det i talet på bedrifter med slaktekylling og mjølkekyr. Talet på bedrifter med slaktekylling blei redusert med 8 prosent til 600, medan talet på bedrifter med mjølkekyr gjekk ned med 2,5 prosent til 8 300.

Figur 2. Jordbruksbedrifter med ymse husdyrslag per 1. januar

Mjølkekyr Ammekyr Vinterfôra sau Svin Verpehøns Slaktekylling
2008 13251 4858 15132 3126 1888 551
2009 12266 4920 14800 3031 1919 614
2010 11529 4972 14751 2929 2002 615
2011 10943 5002 14591 2781 1942 605
2012 10335 4932 14477 2678 1888 603
2013 9820 4939 14108 2548 1960 615
2014 9364 4838 14242 2443 1961 660
2015 8860 4884 14261 2343 2047 678
2016 8543 4950 14463 2369 2086 650
2017* 8331 5147 14523 2401 2111 599

Frå 2016 til 2017 auka det samla talet på storfe med 17 200 til 865 400, og det var talet på ammekyr og andre storfe enn mjølkekyr som gjekk opp. Talet på ammekyr steig med 6 200 til 82 400, medan talet på andre storfe auka med 15 300 til 560 600. I den same perioden gjekk talet på mjølkekyr ned med 4 300 til 222 400.

Figur 3. Mjølkekyr og ammekyr

Mjølkekyr Ammekyr
2008 262090 54641
2009 249482 57777
2010 245001 61527
2011 240935 64406
2012 237569 65631
2013 238801 67542
2014 229664 68759
2015 228445 71944
2016 226784 76180
2017* 222441 82389

Talet på sau auka med drygt 3 prosent til 1 129 400 i 2017. Det var om lag 14 500 bedrifter med sau i 2017.

Frå 2016 til 2017 gjekk talet på alssvin ned med knapt 4 prosent til 89 100, medan talet på svin slakta året før auka med 2,5 prosent til 1 607 600. I same perioden gjekk talet på bedrifter med slaktekylling ned med 8 prosent til 600, medan talet på slaktekyllingar slakta auka med 3,5 prosent til 65,5 millionar.

 

 

Kontakt