Kvar bit storlaksen best?
Publisert:
Tana tronar på toppen av lista over norske elvar og vassdrag der det i gjennomsnitt er teke flest fisk dei siste ti åra. På dei to neste plassane følgjer Namsenvassdraget og Altavassdraget. I Tana har fangsten vore rett under 11 000 fisk i året i gjennomsnitt.
- Tala er henta frå
- Elvefiske
- Artikkelen er del av serien
- Elvefiske (arkiv)
Figur 1 Elvar med størst gjennomsnittleg fangst av laksefisk 2010-2019
Avliva fisk | Fisk sleppt ut att | |
Tana m/bielver (norsk del) | 10676 | 197 |
Namsenvassdraget | 7364 | 494 |
Altavassdraget | 6227 | 808 |
Målselvvassdraget | 5996 | 342 |
Gaulavassdraget | 2679 | 2414 |
Bjerkreimselva | 4524 | 490 |
Orkla | 2010 | 2311 |
Numedalslågen | 3595 | 131 |
Salangsvassdraget | 2552 | 649 |
Vestre Jakobselv | 2206 | 993 |
Mandalselva | 2654 | 500 |
Repparfjordelva m/Skaidijohka | 2650 | 289 |
Stjørdalsvassdraget | 1370 | 881 |
Årgårdsvassdraget | 2041 | 177 |
Drammenselva | 2034 | 64 |
Det årlege laksefisket er sommarens høgdepunkt for mange. I år har det mange stader vore mykje snø i fjellet og alt ligg til rette for god vassføring og godt fiske.
Namsen beste elv i 2019
Sjølv om Tana kan vise til beste gjennomsnitt, var det i Namsen fiskarane hala på land flest fisk i 2019. Tana og Alta følgde deretter. I snitt fekk fiskarane 5 prosent færre fisk i 2019 enn dei fekk i snitt dei ti siste åra. For Tana låg fangsten langt under snittet dette året. Sjå statistikken for elvefiske 2019 her.
I alt vart det rapportert om fangst av laksefisk i rundt 400 elvar og vassdrag i 2019. Her finn du ut kor stor fangsten var i kvar av elvane i 2019.
Fang og slepp blir meir vanleg
Dei siste åra har delen fisk som blir fanga og sleppt levande ut att auka frå vel 10 prosent i 2012 til 20 prosent i 2019. I ein del elvar vert ein stor del av fisken som bit på kroken sleppt ut att. Dette gjeld mellom anna i Gaulavassdraget og Orkla, der omkring halvparten av fangsten er sleppt ut at dei siste ti åra. Dette gjer at fleire får kjenne på gleda ved å få laks på kroken. Her kan du finne ut kor stor del av fangsten i elvane som er sleppt ut att.
Fleire gytefisk trass lågare innsig
I følgje Vitenskapelig råd for lakseforvaltning er innsiget av laks frå havet halvert sidan 1980-åra. Likevel er det fleire fisk som gyt i elvane no, sidan fisket etter laks i både sjø og elv er såpass hardt regulert at det veg opp for redusert innsig. Trenden er likevel at fangsten i norske elvar har minka sidan tusenårsskiftet.
Finnmark og Trøndelag byr på størst sjanse for fisk
Om lag 47 500 laksefisk, mest i landet, vart landa i Finnmark i 2019. Trøndelag og Nordland følgjer deretter med ein samla fangst på høvesvis 26 900 og 19 100 fisk. Flest storlaks, minst 7 kilo, fekk ein i Trøndelag. Gaula og Orkla var på topp med høvesvis 1 350 og 1 125 fiskar.
Også på Austlandet er det mogeleg å få laks; Drammenselva var i snitt 15. beste elv siste tiårsperiode. Skitt fiske!
Faktaside
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
-
SSBs informasjonstjeneste