Rapporter 2014/05

Landbruksteljing 2010

Landbruksteljing 2010 omfatter jordbruksbedrifter, hagebruk og landbrukseigedomar

Landbruksteljing 2010 blei gjennomført som ei fullteljing av Statistisk sentralbyrå. Fullstendige teljingar har blitt gjennomført om lag kvart tiande år sidan 1907.

Populasjonar

Landbruksteljinga 2010 omfatta følgjande:

  • Ei kombinert skjema- og registerbasert teljing av 46 624 aktive jordbruksbedrifter inkludert hagebruk
  • Ei registerbasert teljing av 189 000 landbrukseigedomar, utan omsyn til om det var jordbruksdrift eller ikkje på eigedomen

EØS-avtala

Teljinga skulle dekke både nasjonale og internasjonale statistikkbehov. Noreg er ifølgje EØS-avtala forplikta til å rapportere tal for jordbruksbedrifter til EUs statistikkbyrå Eurostat. Felles krav til data, inklusive ei ny inndeling av jordbruksbedrifter etter driftsform, betyr at det kan publiserast samanliknbar statistikk for alle EU- og EØS-land.

Jordbruksbedrifter

I den skjemabaserte teljinga av aktive jordbruksbedrifter var det oppgåveplikt for alle som dreiv minst 5 dekar jordbruksareal per 31. juli 2010. I tillegg var det fastsett supplerande krav for å fange opp einingar med husdyrhald eller hagebruk over visse omfang.

Av dei i alt 46 624 opplysningspliktige jordbruksbedriftene var det 3 036 som dreiv hagebruk over dei definerte minstegrensene. Den viktigaste administrative datakjelda for jordbruksbedriftene var søknad om produksjonstilskot i jordbruket. Tilskotsregisteret inneheld detaljerte opplysningar om bruken av jordbruksarealet og tal dyr for dei ulike husdyrslaga. 855 einingar søkte ikkje produksjonstilskot og måtte fylle ut tilleggsskjemaet.

For første gongen ble det publisert tal frå Meirverdiavgiftsregisteret for samla omsetnad på jordbruksbedriftene.

Landbrukseigedomar

Statistikken for landbrukseigedomar bygger på ein kombinasjon av data frå Landbruksregisteret, Matrikkelen og digitale arealressurskart. Bruk av kartbaserte verktøy (GIS) sto sentralt i to utviklingsprosjekt for landbrukseigedomane, eit arealprosjekt og eit prosjekt om arrondering av jordbruksarealet.

Arealprosjektet ga tre viktige resultat: Ein korrigert og forbetra populasjon av landbrukseigedomar, tal for eigedomane sitt totale areal og dette arealet delt inn i 23 ulike arealtypar og areal for 9 ulike typar næringsbygg.

Om publikasjonen

Tittel

Landbruksteljing 2010

Ansvarlege

Anne Snellingen Bye, Anne Ingun Løvberget

Serie og -nummer

Rapporter 2014/05

Utgivar

Statistisk sentralbyrå

Emne

Landbrukstellinger

ISBN (elektronisk)

978-82-537-8862-3

ISBN (trykt)

978-82-537-8861-6

ISSN

1892-7513

Tal sider

182

Målform

Nynorsk

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt