Mindre fangst i sjølaksefisket
Publisert:
I den ordinære sesongen i 2020 blei det fiska 219 tonn laksefisk i norske fjordar. Dette er 7 prosent mindre enn året før.
- Tala er henta frå
- Sjøfiske etter laks og sjøaure
- Artikkelen er del av serien
- Sjøfiske etter laks og sjøaure (arkiv)
Fangsten fordelte seg på 214,8 tonn laks, 3,7 tonn sjøaure og 0,6 tonn andre artar, syner statistikken over sjøfiske etter laks og sjøaure 2020. Andre artar er sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks.
Størst fangst i Troms og Finnmark
Troms og Finnmark er det klart største fylke for sjølaksefiske i Noreg. I den ordinære sesongen i 2020 blei det fiska 94,1 tonn laksefisk, og det utgjorde 43 prosent av det totale laksefisket i sjøen. Deretter følgjer Trøndelag og Møre og Romsdal, med respektive 59,0 og 18,5 tonn.
Av kommunane var det igjen Namsos som hadde størst fangst, med 36,4 tonn i 2020. På de neste plassane følgjer Alta og Sør-Varanger, med 18,3 og 10,3 tonn.
1 2019: Medrekna sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks.
Figur 1. Sjøfiske etter laks og sjøaure¹. Kommunar med størst fangst. 2020
2020 | |
Unjárga - Nesseby | 6.0 |
Nordkapp | 6.3 |
Loppa | 7.1 |
Tingvoll | 7.7 |
Hammerfest | 7.7 |
Eigersund | 8.3 |
Lebesby | 8.4 |
Sør-Varanger | 10.3 |
Alta | 18.3 |
Namsos | 36.4 |
Variasjonen i fangstane frå år til år heng i stor grad saman med tidspunktet for og storleiken på innsiget av laks til elvane i tillegg til endringar i regulering av fisket.
Faktaside
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
-
Terje Olav Rundtom
-
SSBs informasjonstjeneste