Mindre frukt og bær hausta i 2017
Publisert:
Det blei hausta i alt 12 300 tonn bær og 14 800 tonn frukt i 2017, som er 2 prosent mindre enn året før.
- Tallene er hentet fra
- Hagebruksavlingar
- Artikkelen er en del av serien
- Hagebruksavlingar (arkiv)
Hagebruksstatistikken syner at den totale bæravlinga i hovudsak bestod av jordbær og bringebær: respektive 69 og 24 prosent. Eple utgjorde 86 prosent av fruktavlinga, medan plomme og morellar utgjorde respektive 8 og 4 prosent.
Total produksjon av grønsaker på friland og i veksthus i 2017 er berekna til 200 000 tonn, som inneber ein auke på 567 tonn frå året før. Produksjonen fordelte seg på 169 400 tonn grønsaker på friland og 30 700 tonn i veksthus. Frilandsproduksjonen gjekk ned med 213 tonn frå 2016 til 2017, medan produksjonen i veksthus auka med 780 tonn. Gulrot utgjorde 28 prosent av totalavlinga på friland, medan kepalauk og kvitkål stod for respektive 14 og 11 prosent. Halvparten av produksjonen i veksthus var agurk, medan tomat utgjorde 34 prosent av avlinga i veksthus.
Kontakt
-
Berit Bjørlo
-
SSBs informasjonstjeneste