Mindre laksefiske i elvane

Publisert:

I alt blei det fiska 180 300 laks, sjøaure og sjørøye i dei norske elvane i 2016. Det er 17 200, eller 9 prosent, færre fisk enn året før. Av desse fiskane blei 79 prosent avliva og 21 prosent sleppte levande ut igjen.

Den avliva fangsten vog 393 tonn, fordelt på 343 tonn laks og 50 tonn sjøaure og sjørøye. Det er ein nedgang på 3 prosent frå året før for laks og 10 prosent for dei to andre fiskeslaga.

Rekna av all avliva laks, vog 51 prosent av fiskane under 3 kilo, medan 37 prosent vog mellom 3 og 7 kilo. 12 prosent av laksen vog over 7 kilo. Tilsvarande tal for 2015 var respektive 59, 32 og 9 prosent. Gjennomsnittsvekta for avliva laks auka frå 3,3 kilo i 2015 til 3,6 kilo i 2016.

Figur 1

Figur 1. Elvefiske etter laks

Størst nedgang i Nord-Trøndelag

Det var nedgang i avliva fangst i dei fleste fylka. Størst nedgang hadde Nord-Trøndelag og Rogaland. Den avliva fangsten i Nord-Trøndelag var 36,9 tonn, 12,3 tonn mindre enn i 2015. Fangsten i Rogaland minka med 5 tonn, til 43,1 tonn.

I Finnmark auka den avliva fangstmengda med 4,4 tonn til 109,1 tonn, som svarar til 28 prosent av den avliva fangsten på landsnivå i 2016.

Tana framleis på topp

Tana med sideelvar var det viktigaste fiskevassdraget i 2016 med ein samla fangst på 38,6 tonn. Det er 0,3 tonn meir enn i 2015. Deretter følgde Gaulavassdraget og Namsenvassdraget med respektive 27,4 og 24,2 tonn. Samanlikna med 2015 er dette ei auke på 2,5 tonn for Gaulavassdraget og ein nedgang på 7 tonn for Namsenvassdraget. Rangeringa av elvane inkluderer både fangst som er avliva og fisk som er sleppte levande ut igjen.

Meir fang og slepp

Fangsten som blei sett levande ut igjen, fordelte seg på 25 200 laks og 11 700 sjøaure/sjørøye, og utgjer 21 prosent av det samla elvefisket i 2016. Tilsvarande tal for året før var 25 400 laks og 9 500 sjøaure/sjørøye. Gaula og Orkla var dei viktigaste vassdraga for dette fisket i 2016 med respektive 2 800 og 2 500 fiskar.

Det fylket der det blei sett ut igjen flest fisk, var likevel Finnmark med 6 000 laks og 1 600 sjøaure/sjørøye. Deretter følgde Sør-Trøndelag og Nordland.

Gjennomsnittsvekta for fiskar som blei sleppte ut igjen, var 4,6 kg for laks og 1,0 kg for sjøaure og sjørøye.

Kontakt