Pandemien har gitt fleire mjølkekyr

Publisert:

I alt 26 100 produsentar søkte om produksjonstilskott for ulike husdyr 1. mars 2021, om lag 100 færre enn året før. Frå 2020 til 2021 auka talet på mjølkekyr med 2,6 prosent til 213 200.

Frå 2020 til 2021 auka det samla talet på storfe med 7 200 til 883 900. I samband med corona-pandemien har det vore auke i etterspurnaden etter mjølk og kjøt, og det har medført ein auke i talet på både mjølkekyr og ammekyr. Talet på ammeku auka med 6 600 til 104 800 i 2021. I same perioden gjekk talet på andre storfe ned med 4 800 til 565 900. For storfe og gris er det auka behovet for kjøt forsøkt dekt gjennom lengre framfôringstider.

Figur 1. Mjølkekyr og ammekyr

Mjølkekyr Ammekyr
2008 262090 54641
2009 249482 57777
2010 245001 61527
2011 240935 64406
2012 237569 65631
2013 238801 67542
2014 229664 68759
2015 228445 71944
2016 226784 76180
2017 221330 83129
2018 218613 91168
2019 215069 92451
2020 207855 98221
2021 213190 104831

Fleire med ammekyr

Frå 2020 til 2021 viser førebelse tal frå statistikken Husdyrhald at det var ein nedgang i talet på søkarar om produksjonstilskott for alle husdyrslaga med unnatak av ammeku. Drygt 5 900 jordbruksbedrifter hadde ammekyr, vel 200 fleire enn året før. 6 900 jordbruksbedrifter hadde mjølkekyr, knapt 300 færre enn eitt år tidlegare. For dei andre dyreslaga var det ein svak nedgang i talet på søkarar.

Figur 2. Jordbruksbedrifter med husdyr

Jordbruksbedrifter
2008 33559
2009 32551
2010 32270
2011 31190
2012 30408
2013 29744
2014 29124
2015 28587
2016 28375
2017 28019
2018 27230
2019 26583
2020 26203
2021 26087

Færre alssvin

Talet på alssvin gjekk ned med knapt 3 prosent til 75 200. frå 2020 til 2021. Det var i alt drygt 900 jordbruksbedrifter som hadde alssvin i 2021, knapt tre prosent færre enn året før.

Talet på mjølkegeit endra seg lite frå 2020 til 2021, og var 36 000 i 2021. Talet på sau over 1 år per 1. mars var 948 200, og dette var 700 fleire enn året før. I alt 13 500 jordbruksbedrifter hadde vaksne sauer 1. mars, om lag same tal som året før.

Faktaside

Kontakt